

På nett med strøymingane
Rektorkandidat Trygve Wyller har trua. På seg sjølv, på ungdomen og eit avslappande glas raudvin. Dette har så langt gitt han 93 tilhengjarar på Facebook.

– Rektor må sjølv melde seg inn i samfunnsdebatten. Da må det meir til enn høflege kronikkar i Aftenposten ein gong i halvåret. Kanskje kan vi ha lunsj med rektor, etter modell av frukost med Bernt?
Mannen som kastar det offensive spørsmålet ut i lufta er teologiprofessoren Trygve Wyller. Dekanen som har blogg og utfordraren som sørgja for at Ole Petter Ottersen ikkje vart einaste mulege frontkjempe for Universitet i Oslo dei fire neste åra. Wyller serverer frukt på fat, eplejuice og ei alternativ drikke skjult på ein grøn flaske.
– Det er berre mineralvatn altså. Men ein italiensk type, forklarar han.
Usunn elitisme
Laurdag føremiddag har nett bikka over i ettermiddag. Rektorkandidaten sit velplassert i eigen sofa, og har lagt armane i ein halvstram kross. Det er valkamp og det gjeld å vera på vakt. Men også på hogget.
– Ottersen og eg er usamde om kor sterk stilling dei sjølvstendige sentra for framifrå forsking skal ha ved universitetet. Eg meiner det er ein elitistisk kultur knytt til desse sentra som ikkje er heldig. Dei har for lite kontakt med reisten av universitetet, hevdar teologen.
Wyller held fram med å forklare at han vil ha eit breiddeuniversitet der alle fakultet aktivt blir inkludert i leiingsprosessane. Han vil omfordele innan dagens rammer for å tilgodesjå studentar og gode forskarar, samstundes som han meiner det er naudsynt å vera meir offensiv i kampen om middel frå Storting og «rike onklar». Wyller snakkar roleg og lågt. Og kontinuerleg. Han bankar i bordet med fingrane, men det går ikkje an å høyre det. Ein kan berre sjå og fornemme og lure på om han gjer det av inderleg overtyding eller av eit ørlite innfall av nervøsitet.
– Det er på tide med ein rektor med min bakgrunn, ein frå humaniora, seier han.
Utanom Universitetsbiblioteket
Trygve Wyller har som andre merka seg debatten om danning. Ottersen sin prorektorkandidat, Inga Bostad, har leia det mykje omtala danningsutvalet, men Wyller er skeptisk.
– Det eg har lest frå dei så langt er ei tilbakevending til 60-talet. Når dei snakkar om å gjenoppta Arne Næss sin filosofi, da tenkjer eg «akk og kjære, kva slags danning er det?» Den danninga som kan slå rot, er ein del av samtida si, seier Wyller bestemt.
Han meiner kunsten er ei viktig kjelde til å oppdage denne samtida.
– Unge kunstnarar er dei beste til å skildre livskjensler. Når eg er i storbyar i utlandet, brukar eg å ta taxi til dei ikkje-velståande delane, der dei små kunstgalleria ligg. Det er det artigaste eg veit, da tek ein pulsen på det som eigentleg skjer. Det er ikkje nok å gå på UB for å finne ut kva tankar som blir tenkt i dag, påpeikar han.
Rektorkandidaten gir oppriktig inntrykk av å vera eit menneske i takt med tida. Stova som omgjer han talar likevel eit anna språk, og konfrontasjonen blir uunngåeleg.
– Vi har ikkje lagt vekt på å ha dei mest trendy møblane, om det er det du siktar til, svarar Wyller ein tanke fornærma, etter å ha fått servert ein påstand om at han, gitt interiøret, kanskje er litt nostalgisk likevel.
– Nei da. Eg tenkte først og fremst på dei gamle skåpa, pianoet og måleria.
– Mykje av det er arvegods, og eg er veldig stolt av familietradisjonen min. Skåpet du ser rett fram der har tilhøyrt slekta mi i 250 år. Torill og eg har vore gift i 37 år og det er vår tradisjon du ser, ikkje berre min, seier Wyller.
Vil ri stormane
I tillegg til den teologiske utdanninga, har Trygve Wyller ein cand.mag.-grad frå Humanistisk fakultet og solid bakgrunn som journalist. Han er likevel overtydd om at teologgjerninga var rette vegen å gå.
– Media er ein spennande ting der du er heilt innpå på verda. I teologi kan ein også vera eit steg utanfor verda. Forsking og formidling stimulerer meg meir, vedgår han.
Wyller avviser at det nære bandet til teologien skulle svekke han som rektor.
– Eg trur det å ha kompetanse på religion i vårt samfunn er ei stor føremon. Dessutan må alle rektorar ha ei privat side, og tilfeldigvis er det å vera kristen ein del av mitt private liv, seier han.
Teologidekanen meiner han er budd på å takle leiingsoppgåvene. Han seier han er sjølvsikker, og at han let vera å gå til motåtak om folk blir sinte på han. Men han er klar over at han kjem til å møte sterke personlegdomar.
– Alle på universitetet meiner dei veit best, og ingen trur dei treng leiing. Men så må ein leie likevel, og det er utfordringa, seier Wyller.
Eit liv utanom
Wyller har signalisert at han skal leggje vekt på undervisning. Han har eiga facebookgruppe som avslørar at han er populær blant studentane, og han figurerer som meir moderne for kvar gong han leverer eit intervju.
– Er du studentane sin mann i denne valkampen?
– Eg trur eg blir det. Studentane er ikkje eit tillegg, men ein avgjerande del av universitetet.
Wyller vil understreke at han ikkje ønskjer å vera krampaktig ungdomleg.
– Eg er ikkje på Facebook for å vera kul. Eg er der fordi det er ein del av samtidskulturen, seier han.
Ei solstråle kviler på enden av sofaen. Ei ny og breiare ei er i ferd med å brette seg ut over bordplata. Det er ingen lydar å høyre, og det går ubønnhørleg mot helg.
– Kva gjer du når du skal kople heilt av?
– Sit stile i sofaen og tek eit glas raudvin. Pratar med kona eller ser ein god film.
Rektorkandidaten som for kort tid sidan var så rak i ryggen som nesten berre ein teolog kan vera, har no begynt å flate litt ut. Han nærast ligg i den grå sofaen sin når han seier:
– Eg har da eit liv utanom alle desse greiene også.