
Klamydiatestefest på Studenthelsetjenesten
– Studenthelsetenesta reklamerer for eigentesting av klamydia. Kva er baktanken?

Marit Eskeland, leiar for Studenthelsetjenesten
– Klamydia er ein kjønnssjukdom som smittar ved ubeskytta sex og som gir lite symptom. Det vil vi at alle skal vera klar over.
– Men kvifor kjem dette no? Blei det litt vel mykje festival i teltet, kanskje?
– Nei, det var ikkje slik. Det har vore mykje fokus på dette lenge, og vi synes det er viktig å halde det ved like.
– Kva med gonoré, herpes og liknande. Mange studentar har lenge sverga til desse sjukdommane. Vil ikkje dei kjenne seg forbigått?
– Studenthelsetenesta stiler opp i einkvar samanheng der folk har problem. Men det løner seg å behandle klamydia. Veldig mange kan ha det utan symptom og vi har gode behandlingstilbod.
– Men kva med oss som aldri blir utsett for smittefare? Burde ikkje vi óg fått nokre frynsegodar? Gratis tannbørste eller kjærleik på staur?
– Nei, no skal du høyre. Samfunnet har alltid satt behandling av smittsame sjukomar høgt. Dette er i god tradisjon og heilt i tråd med lovverket vårt, som gjeld for hele folket.
– Oppfordrar de til lausaktigheit?
– Hehe, nei, det er nok ikkje slik.
– For var ikkje poenget med den gamle smertefulle testen å skremme folk frå lausaktig åtferd?
– Nei, det var det ikkje.
– Prøvar de å framstå som liberale og kule slik at fleire skal velja dykk som fastlege?
– Nei, dette kan ein ikkje forbinde med nokon form for liberalisme. Det er eit nøkternt og greitt tilbod til alle studentar.
– Vel, vi veit at behandling av kjønnssjukdomar står for størstedelen av inntektene dykkar. No har det kome gratis kondomar på alle fakultetspubane. Dette er ikkje berre eit panisk krampetrekk da, for å sikre profitten?
– Kvar har du dei tala frå?? Eg går ikkje god for at kjønnssjukdomar er den største inntektskjelda vår, altså. Du kan ikkje skrive denne saka basert på det.
– Jasså? Da registrerer eg berre at takka vere studenthelsetenesta vil det bli lettare enn nokon gong å kaste kleda. Vil du på bakgrunn av det vurdere stillinga di?
– Nei. For oss er ein klamydiaaksjon også ei betydeleg kunnskapsformidling. Ubeskytta sex er ein høgriskoaktivitet.