RÅSKINN: Jørgen Langdalen lærer journalisten om puling, parykkar og strippestenger på møterommet til Universitas.

Pulefest med parykk

– Er du erotisk?

Publisert Sist oppdatert
RÅSKINN: Jørgen Langdalen lærer journalisten om puling, parykkar og strippestenger på møterommet til Universitas.

Jørgen Langdalen, post doc. ved Insitutt for musikkvitenskap, UiO.

– Ja, eg er vel det som dei fleste andre menneske...

– Eg såg på UiO sine nettsider at du skal leie ei pornomesse, inspirert av Mozart og Kierkegaard. «Absolutt erotikk» heiter den visst.

– No trur eg kanskje du har misforstått. Det er ikkje noko pornomesse. Eg skal berre halde eit foredrag...

– Mozart brukte parykk, veit eg. Brukar du å ta på deg parykk når du har sex?

– He-he. Det var et godt spørsmål.

(stille...)

– I puling og polka er allting lov, sa besta alltid.

– Du tenker kanskje på Kierkegaard no?

– Kva? No synes eg det slingrar litt i valsen, Langballe. Eg lurer på om du har mykje sex!

– He-he. Du, eg trur kanskje det er betre om eg kjem ned på kontoret til dykk, om det er greitt for deg?

– Øø... Nei, eg synes det er betre om vi tek det over telefon, eg har berre eit par spørsmål til.

– Eg er rett utanfor, så det er ikkje noko problem.

– Neida, vi kan ta det over telefon!

– Nei, det er ikkje så lett å ta dette over telefon. Eg føretrekk om vi kan ta dette andlet til andlet. Eg kjem bort no, eg!

(klikk)

På kontoret i Universitas nokre minutt seinare.

– Hei. Eg er her til eit intervju..?

– Hallo! Ja... Øm... Så fint at du ville kome ned hit. Eh...Vi kan gå inn og sette oss på møterommet.

(Trykkande stille)

– Altså. Eg har lest i musikkleksikonet mitt at musikarar brukar mykje vibrator. Gjer du det?

– He-he. Litt lenger tilbake i tid, på Mozart si tid, var det mindre bruk av vibrator. Då handla operaene om erotikk, men utan for mykje vibrator. Musikarar i dag nyttar ikkje så mykje vibrator dei heller.

– Ok?

– På Mozart si tid jåla mennene seg til og med meir enn kvinnene. Dei hadde på seg kjolar og greier!

– Og parykk? Korleis var det der med parykken når du har sex?

– Nja... Nei, det blir vel ikkje så mykje bruk av det no. Men eg kunne for så vidt ha brukt det. Eg hadde ganske langt hår før.

– Ein får snacks på pornomessa di, såg eg. Kva «snacks» er det snakk om? Blir det noko «dansing» og lettkledde kvinns?

– Njæ. Det blir nok ikkje noko dansing. Men det blir underholdning. Eg skal synge ein arie av Mozart. Eg syng også, skjønnar du!

– Nei, dette blir litt for dumt. Eg synes ikkje at du skal leie pornomessa. Du bør vurdere stillinga di.

– Ifølgje Kierkegaard er det berre to stillingar; den etiske og den estetiske.

– Øø... Vil du vurdere stillinga di, spør eg!

– Eg vel den estetiske.

Powered by Labrador CMS