

Tomme tønner ramlar mest
– Kor mange dråpar må dryppe i glaset før begeret er fullt?
– Økonomien ved Universitetet i Oslo (UiO) er jo ikkje strålande, akkurat. Vi treng meir pengar til sektoren (…) det har nettopp vore ei finanskrise (…) køane i byggebransjen er reduserte (…).
– Men du, har krava fått ein annan lyd frå parlamentets side, og er de no klar for å brette opp armane og spisse albuane?
– Ja, altså. Vi må sjå på heile UiO og kor effektivt arealet er utnytta. Dette er noko teknisk avdeling må setje fart i.
– Hastverk er lastverk, heiter det. Har UiO i denne saken tatt seg vatn over hovudet?
– Masterplanen ved UiO vart jo vedtatt i 2002 (…) PO-bygget ligg inne i den planen (…).
– Bla, bla, bla. Føler du at rektor er i ferd med å spare seg til beinet i denne saken?
– Nei, men det er viktig å få fortgang i prosjekta. Vi må snu på kvar stein. UiO er leigetakar i mange bygg i sentrum av Oslo. Steinar må løftast, og vi må sjå om vi kan spare pengar her og der.
– Føler de at UiO har tatt for mykje Møllers tran i denne saken?
– Nei, det gjer vi ikkje. Men UiO må bli flinkare til å bruke dei areala dei har på ein riktig måte. Det må leggjast til rette for at studentar kan lese på tvers av fakulteta, og …
– Men du, kunne det vore ein ide og gått over bekken for å sjekke om plassen er betre der?
– Vel. Ja. Ein må jo det. Sjå på eksamensperioden. Då er jo situasjonen mykje verre enn den er no. Etterspørselen er stor, og kjem ein til lesesalen seint på dagen finn ein ikkje plass.
– Meiner du at UiO på ein måte har selt auditorieplassen før bygga er ferdige?
– Ja, altså, vi veit jo ikkje kor mange studentar som vil kome i åra framover. Kor stor prosentauken vil vere (…) Statsbudsjettet styrer talet på studentar (…) Prognosane er uklare (…) Dette må vi ta stilling til.
– Så de meiner at det er betre med ein student inne i auditoriet, enn fem utanfor?
– Ja, det er betre. Tenker du fysisk? Ja, sjølvsagt er det betre at dei er inne enn ute. Når det gjelder finansiering (…) Rektor har jo lagt fram forslag om at (…) Det handlar om bygningsmasse (…) Alle skal ha tilbod om plass (…) Den debatten må vi ta.
– Jaha. Men dersom denne skuta forliser, vil du overlate roret til andre?
– Hæ? Nei … Jo! 15. juli. Då er eg i hamn. Då tar andre over roret.