Kunst
Eksamensprokrastinering førte til kunsttjuveri.
Universitas kunne i mai melde om at det vart hengt opp eit KI-verk på Oslomet. Ei veke seinare var det stelt. No har tjuven meldt seg, klar for å fortelje si side av historia.
Me møter han på campus Pilestredet på Oslomet. KI-verket ligg gøymt i ein plastpose i ein bag. Intervjuet finn stad inne på P48, der verket først hang – og seinare vart stole.
– Det var ikkje planlagt. Eg sat og skreiv på eksamen, og så kjem nokon med siste utgåve av Universitas. Der kunne ein lesa at Oslomet har hengt opp KI-kunst, fortel Kjell.
Kjell er et fiktivt namn. Universitas kjenner tjuven si identitet, men har valt å anonymisere ham.
Kunsttjuveriet
Midt på lyse dagen gjekk han bort til verket, tok det ned frå veggen og skar bildet ut av ramma.
– Eg berre gjekk og tok bildet. Det var spontant gjort. Ein artig pause frå eksamenslesinga, konstaterer han.
– I ettertid hadde eg kanskje gjort det annleis. Eg kunne berre teke heile ramma og gøymt ho òg.
Seinare same dag vart den tomme ramma fylt med eit kravbrev om at Oslomet skulle henge opp «kunst laga av folk, ikkje KI». Fristen vart sett til 15. august.
Medan Kjell tok ned bildet åleine, fekk han hjelp av fleire medstudentar til å lage brevet. Dei fann fram avisutklipp og sette saman bodskapen i lag.
– Det var fleire som hadde meiningar om kva som burde stå der, og som hjelpte til med å få fram poenget, seier han.
Han omtalar dermed tjuveriet som sitt eige påfunn, medan protesten som møtte Oslomet i den tomme ramma, var eit meir kollektivt arbeid.
Provosert
Sjølv om tjuveriet ikkje var planlagt, var det ikkje tilfeldig kva som fekk han til å ta bildet ned. Reaksjonen kom då han las Universitas si første sak om KI-verket og grunngjevinga for kvifor det hang på Oslomet.
Kjell meiner sjølve premisset for verket skurrar. Kunstkollektivet bak bildet: A Female Gaze ville mellom anna synleggjere skeivskapar i generative KI-modellar, men for han er dette allereie velkjent.
– At språkmodellar og generative biletmodellar har bias, det visste ein jo. Eg forstår poenget, men eg er framleis veldig ueinig i det dei gjorde.
Han reagerte også på at Oslomet hadde kjøpt inn eit bilde han meiner i for liten grad er skapt av menneske. Kor mykje kunstnarleg eigarskap kan ein ha til eit bilde som i hovudsak er generert gjennom ein tekstprompt, undrar Kjell.
Det var likevel særleg måten leiaren for kunstsamlinga, Siv Hofsvang, forsvarte verket på som provoserte han. Ho sa til Universitas at KI ikkje kan lage kunst åleine, men at mennesket bak kan gjere det – og samanlikna KI med eit verktøy på linje med pensel og lerret.
– Då begynte eg å tenkje: Veit ho kva ho snakkar om, eigentleg?
Kjell avviser ikkje at KI kan vere eit kunstnarleg verktøy. Det han meiner ikkje held, er å bruke den samanlikninga om eit bilde som etter hans syn i hovudsak er generert av ein bildemodell.
– Viss ho meiner KI som eitt av fleire verktøy, er eg heilt einig. Men når det berre er eit ferdigskapt bilde, då held ikkje argumentasjonen.
Frist til fredag
– Ser du på deg sjølv som ein kunsttjuv?
– Eg føler ikkje at eg har stole det. Eg berre omplasserte det litt, svarar Kjell.
Han fortel at verket aldri har forlate campus. Den einaste gongen det har vore utanfor bygningen medan han har hatt det, var då han tok det med for å møte Universitas.
– Er du redd for konsekvensane?
– Ikkje eigentleg. Eg har plettfritt rulleblad frå før, fortel han og legg til:
– Det hadde vore litt kult å bli offentleg kjend som han som stal eit eller anna bedrite bilde laga av KI, seier Kjell og ler.
OsloMet har fleire gonger bede om å få verket tilbake. I ei melding til studentane 3. juni slo universitetet fast at tjuven kan levere det anonymt, utan at det får konsekvensar.
Det freistar ikkje Kjell.
– Det er ikkje det vi vil oppnå.
Han vil at protesten skal føre til meir enn berre ei stille tilbakelevering.
– Eg vil at det skal svi litt. At dei forstår alvoret.
Kravet er at det innan 15. august, skal hengje menneskeskapt kunst på plassen der KI-verket hang.
– Det hadde vore fint om det hang noko ordentleg kunst der som er laga av menneske, og ikkje berre ein bildemodell, seier Kjell.
Målet er at Oslomet skal endre praksis.
– Det å kjøpe inn KI-genererte bilde var ein dum idé. Det hadde vore veldig fint om dei skjønte at dei ikkje skal gjere det igjen.
Sjølve verket har han ikkje planar om å øydeleggje. Kjell seier at det til slutt skal leverast tilbake.
Men dersom Oslomet ikkje møter kravet innan fristen, er det ikkje sikkert bildet går rett tilbake på den gamle plassen.
– Då dukkar det antakeleg opp ein annan stad.