NY KURS: Nyvalt rektor Cecilie Broch Knudsen lover å gå i dialog med studentane.

– Første gongen vi har fått høve til å seia noko

69 prosent av studentane stemde

Cecilie Broch Knudsen er valt til ny rektor på Kunsthøgskolen i Oslo, etter skyhøg valdeltaking fra studentane.

Publisert Sist oppdatert

Oppslutning ved rektorval på Kunsthøgskolen i Oslo:

  • Studentar: 69 prosent
  • Faglege: 85 prosent
  • Teknisk/administrativt tilsette: 73 prosent
  • Totalt: 72 prosent

Studentoppslutning ved sist rektorval på andre lærestader:

  • Norges musikkhøgskole: 23 prosent
  • Universitetet i Oslo: 12,3 prosent
  • Norges idrettshøgskole: 9,7 prosent
  • Norges veterinærhøgskole: 11,5 prosent
  • Ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Det teologiske menighetsfakultet og BI Oslo blir rektor tilsett av styret.

Heile 69 prosent av studentane nytta stemmeretten sin under rektorvalet på Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Samanlikna med andre SiO-institusjonar som praktiserer val av rektor, er dette eit svært høgt tal.

Til dømes hadde Universitetet i Oslo (UiO) ei studentoppslutning på 12,3 prosent da Geir Ellingsrud vart valt i 2005. Norges musikkhøgskole kunne heller ikkje skilte med meir enn 23 prosent under sitt rektorval same år.

– Det har med mengda av studentar å gjera, seier Frank Aarebrot, professor ved Instiuttt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Sidan kunsthøgskolen og det estetiske miljøet i Noreg er lite, meiner han det er stor sjanse for at studentane kjenner rektorkandidatane.

– På UiO er situasjonen ein heilt annan. Marx snakka om framandgjering, og dette blir noko av det same. Folk forheld seg heller til fagmiljø og fakultet, og kjenner seg ikkje som del av eit heilt universitet, seier Aarebrot.

– Handlar om engasjement

Han meiner den pågåande konflikten på KHiO også har vore ein viktig faktor.

– Både personlege og faglege konfliktar er viktige i slike samanhengar. Når det er sterke kontroversar og klare skiljeliner blir valdeltakinga høg. Det har vi sett før, til dømes i EU- avstemmingar.

– Men skilnadene var ikkje spesielt store mellom kandidatane som stilte til val?

– Dersom folk er råka av ei sak og forbanna, så stemmer dei. Politisk mobilisering handlar om å få folk engasjert, og her har dei oppdaga at rektor er viktig for kvardagen deira.

Leiaren av studentutvalet på Kunstfag, Tine Semb, kan stadfeste at dette er ei sak som har engasjert mange.

– Ikkje alle tilsette er samde i kva skulekvardagen skal bestå i, og da blir situasjonen uroleg. Studentane ønskjer å bli høyrt, forme sin eigen studiekvardag og sjå betringar, seier Semb.

«Rektors time»

Med 58 prosent av røystene vann Cecilie Broch Knudsen valet over rektorkandidat nummer to, biletkunstnar Anders Eiebakke. Broch Knudsen tiltrer 1. august 2007, og ønskjer at demokratiske prosesser skal kjenneteikne institusjonen, og at studentane skal bli inkludert og høyrt. Ho seier at konkretiseringa av desse lovnadene er litt uklar enno.

– Foreløpig kjenner eg kunsthøgskolen for dårleg. Men det er sjølvsagt kjempeviktig at studentane får sakene tidsnok, slik at dei demokratiske rettane etter Universitets- og høgskolelova blir reelle.

Den nyvalte rektoren syslar også med tanken om å ha «Rektors time» ein gong i månaden. Sidan kunsthøgskolen er delt mellom tre lærestader, ser ho for seg ein time på kvar av dei. Studentane er i dag frustrerte over at rektor er for lite tilgjengeleg, og det vil ho rette opp i.

– Ein demokratisk siger

Etter lengre tids konfliktar med leiinga håpar studentrepresentantar at det no kan bli ein ny giv for samarbeidet. For første gong på elleve år har studentar og tilsette fått høve til å velja rektor, etter at stillinga lenge var underlagt styret. Studentutvalsleiar på Biletkunst, Marius von der Fehr, meiner ein valt rektor utvilsamt vil ha meir lojalitet overfor studentane enn ein som er tilsett.

– Broch Knudsen har sagt ho vil ha dialog, og det vel eg å tru på.

Semb meiner også at dette er ein demokratisk siger.

– Sitjande rektor har nok vore for oppteken av å fylle pålegga frå departementet. Eg håpar Broch Knudsen vil evne å gje dei ulike fakulteta meir sjølvstende, både i høve til det fagleg og det budsjettmessige.

FRAMTIDA PÅ SPEL: Julie Willassen og Sulekha Ali Omar ønskjer seg ei god utdanning, og stemde difor ved valet.

Julie Willassen og Sulekha Ali Omar går tredje året på Bachelor i

jazzdans. Begge stemte ved rektorvalet.

– Det er ikkje så mange jobbar vi kan få, så det er veldig viktig at vi

får ei god utdanning, svarar Ali Omar på kvifor ho trur så mange på

Kunsthøgskolen har stemt.

– Det har skjedd mykje i kulissane utan at vi har vorte informerte. Dette er første gongen vi har fått høve til å seia noko, skyt Willassen inn.

Ho meiner det er framtida deira som står på spel.

– At det var obligatorisk oppmøte på rektordebatten med påfølgjande stemming var vel kanskje den viktigaste årsaka, melder Henriette Hamli frå sidelina.

Powered by Labrador CMS