KAFFEKLUSS: SV-kafeen tok i bruk kaffemaskinene før dei visste om dette var trygt for gjestene å drikke vatnet.

Rasar over engelskmangel

Kaffiglepp under vatnkrise

Trass påbod om å stenge alle kranar, var kaffiautomaten i SV-kafeen open torsdag i førre veke. ISU meinar informasjonen om vatnkrisa frå UiO ikkje var godt nok tilrettelagt for internasjonale studentar.

Publisert Sist oppdatert
GJEKK UNNA: Vatnet på sørga for kraftig oppsving i omsetninga førre veke, fortel dagleg leiar i Bunnpris Blidern, Kay Petersen.

– Det at vi glipp i ein slik situasjon er sjølvsagt beklageleg, seier Kenneth Smørdal, fungerande administrerande direktør i Studentkafeene.

Etter at Vann- og avløpsetaten førre onsdag sendte ut melding om at drikkevatnet i Oslo kunne innehalde parasittar, påla Studentkafeene serveringsstadene sine å stenge alle kraner og kaffiautomatar. Likevel vart kaffimaskina på Det samfunnsvitenskapelige fakultet (SV) take i bruk dagen etter rundt 10.30, og halde ope omlag ein time.

– På ein rutinekontroll, der vi vitja enkelte av kafeane, oppdaga vi det, og maskinen vart stengt att, seier Smørdal.

– Dette er uansvarleg. Dei var godt informert om kva vatnet kunne innehalde, og burde definitivt ha sjekka det ordentleg, meiner Elma Drinjakovic, som går på bachelor i internasjonale studiar.

KRITISKE: Amila Begic og Elma Drinjakovic meiner SV-kaffeen ikkje har gjort noko sjakktrekk for å verne om studentane si helse.

Ho og venninna Amila Begic, bachelorstudent i pyskologi, fortel at dei kjøper kaffi på SV fleire gonger om dagen.

– Eg lurer eigentleg på kvifor dei gjorde det. Eg trur jo ikkje at dei vil oss noko vondt, seier Begic.

Feiltolking

Smørdal forklarar det som skjedde med feiltolking av media.

– Det vart gitt mykje informasjon på radioen, mellom anna i P4. Dei refererte til Mattilsynet, som sa at kaffimaskiner som hadde 80-90 grader var uproblematiske. Men SV-kafeen skulle likevel ha venta på klarsignal frå leiinga i Studentkafeene, slår Smørdal fast.

Steinar Grønnerud, driftssjef for SV-kafeen ønskjer ikkje å uttale seg i denne saka, grunna forbod frå leiinga i Studenkafeene mot å prate med Universitas.

– I ettertid har Studentkafeene fått stadfesta at kaffimaskina på SV var av den typa og kvaliteten som Mattilsynet sa at var i orden å bruke, fortel Smørdal.

Han er likevel ikkje nøgd med at SV-kafeen tok saka i eigne hender.

– Dette var ei melding som kom via P4, og det skjer feil frå tid til anna. Vi ville ha informasjonen direkte frå Mattilsynet, seier han.

Skeptiske

Begic og Drinjakovic trur dei vil halde fram med å drikke like mykje SV-kaffi som før.

– Ja, sidan vatnet er ok no. Men vi begynner jo å lure på om det er noko anna gale med kaffien, da. Om mjølka er sur og så vidare. Eg tenkjer ofte å om kantinematen kanskje ikkje er så sikker som vi trur, seier Drinjakvic.

Ifølgje Smørdal vil Studentkafeene gå gjennom det som har skjedd, og ta det opp på møter med dei kaféansvarlege. Han håpar å avverje at liknande situasjonar oppstår på nytt.

– Vi ser etter om det er behov for å skjerpe rutinane våre. Vi har 40 studentkafear og denne gleppen skjedde berre ved ein av dei. Men det er sjølvsagt like alvorleg for det, seier han.

– Det hadde vore fint om universitetet hadde sendt ut ein ekstra e-post på engelsk, seier Ricardo Duque, leiar i International Students’ Union (ISU) i Oslo.

Han er slett ikkje nøgd med informasjonen som gjekk ut til engelsktalande studentar om den sviktande vatnkvaliteten. Det vart sendt ut e-post til alle studentar og tilsette onsdag morgon, med både norsk og engelsk tekst. Men Duque meiner det ikkje var tilstrekkeleg.

– Mange internasjonale studentar les ikkje e-posten når dei ser at det står noko på norsk, derfor burde det kome ei eiga engelsk utgåve, seier han.

ISU har sendt ut e-postar til medlemmane sine med informasjon om vatnsituasjonen, kvar det er muleg å kjøpe vatn og så bortetter. Duque meiner likevel at desse e-postane berre når 35 til 40 prosent av dei internasjonale studentane, og synes at universitet også kunne sendt ut brev i posten.

– Ikkje alle har tilgang til internett der dei bur. Og ingen visste heller kor lenge dette ville vare, påpeikar han.

Jorulf Brøvig Silde, leiar ved Seksjon for helse, miljø og sikkerhet ved Universitetet i Oslo, som sendte ut e-posten onsdag morgon, fortel at han vurderte utsendinga som tilstrekkeleg så lenge ho innebar både norsk og engelsk informasjon. Men han seier han er lei for det, om det har ført til at mange ikkje har fått med seg situasjonen.

Powered by Labrador CMS