
Klimakamp
Stiftar nasjonal studentrørsle mot olja
Equinor er den mest populære arbeidsgivaren blant norske studentar. No reiser ei ny studentrørsle seg for å bryte banda mellom akademia og oljeindustrien.
– Det har aldri vore viktigare å kutte utslepp og mobilisere folk. Eg trur mange kjenner på ein klimaapati.
Det seier Gina Gylver (25). Saman med Julia Giæver (26) og Sandra Butoyi (26) står dei bak Den grønne studentrørsla. På eit svaberg på Hovedøya denne seinsommardagen har rundt seksti studentar samla seg. No skal ei landsdekkande studentrørsle for klima stiftast, og Equinor skal utfordrast.
– Me er drittlei media sine saker om at unge ikkje bryr seg om klima lenger, fordi det stemmer ikkje. Me må berre finne kvarandre, legg Gylver til.
Me er drittlei media sine saker om at unge ikkje bryr seg om klima lenger.
Gina Gylver, initiativtakar
Elefanten i rommet
Målet er ikkje å bygge nok ein medlemsorganisasjon, men ei open rørsle.
– Me ser meir på det som ein paraply. Det er felles krav, og ein felles identitet. Så kan folk få gjere det til sitt eiget, forklarar Gylver.
– Og me treng ei rørsle der studentar frå ulike studiestadar kan stå saman og vise at klima faktisk er viktig for oss, legg Butoyi til.
Manifestet til rørsla blir presentert på møtet. Dei har berre to tydelege krav. Oljeselskapa må slutte å leite etter meir olje og gass, og norske universitet må bli oljefrie.
– Ein sirklar alltid tilbake til det som er elefanten i rommet i norsk debatt, og det er sjølvsagt oljenæringa. Ingenting anna kan måle seg når det kjem til klimaeffekt. Noreg er ein av verdas største ekstportørar av klimaendringar. Og næringa er òg tungt inne i norske universitet, seier Gina Gylver.

Alle dei klokaste til Equinor
For norske studentar er Equinor den mest populære arbeidsplassen.
– Det meiner me hindrar det grønne skiftet. Når det er den mest populære arbeidsplassen, vil alle dei klokaste hovuda arbeide i Equinor. Og dei vil då arbeide fossilt, og halde fram med oljeleiting, fortel Julia Giæver.
Gjennom den såkalla «Akademiaavtala» har Equinor gitt 380 millionar kroner til norske universitet. Pengane går til forskningsprosjekt, stipendiatstillingar, studentaktivitetar og konferansar.
– Equinor sponsar universiteta med hundrevis av millionar. Dei er inne i absolutt alt, legg ho til.
Treng ikkje Britannia
Gro Nergård (24), Markus Refsdal (23) og Torje Løland (22) studerar ved NTNU i Trondheim. Dei skal ta rørsla vidare dit.
– Det som er spennande og utfordrande med studentbevegelsen for klima i Trondheim, er jo at oljeindustrien og NTNU går hand i hand. Samstundes er det mykje klimaengasjement i Trondheim frå før, så me har eit godt grunnlag å bygge vidare på, seier Refsdal. Han studerer industriell økonomi og teknologileiing.
Gro Nergård studerer energi og miljø, og peikar på kor tydeleg påverknaden er.
– Dei gir pengar til skulen, sponsar stillingar, og professorar blir tilsett for å gjera arbeid som Equinor ber om. Dei sit óg i styret til NTNU, forklarar ho.
Ho meiner at pengane frå selskapet ikkje trengs.
– Kulturfestivalen Uka er no utan oljepengar. Det feirar me. Den kjem til å vera like kul som tidlegare. Me treng ikkje dra på Britannia sponsa av Equinor for å ete, me kan ete på Thon hotell, og det er framleis kjempebra!
Ukontroversielle
Refsdal meiner utfordringa går djupare enn pengane. Han viser til at selskapet profilerer seg som miljøvennleg på campus.
– Dei einaste folka ein møter frå Equinor, er folk som seier dei er minst like opptekne av klima som oss. Men faktumet er, Equinor er ikkje eit breitt energiselskap. Dei er 99 prosent fossile. Det er enorm avstand mellom det dei brukar tunga si for å seie, og det dei brukar hendene sine på å gjera.
For NTNU-studentane handlar denne rørsla òg om å skape eit alternativ for ein ny generasjon.
– Det skal vera gøy og handlande, og opent for alle. Poenget er at me vil ha meiningsmangfald. Og me håpar at mange kan stille seg bak desse ukontroversielle krava, me skal krevja på ein ukontroversiell måte, seier Refsdal.
Industriell design-studenten Torje Løland meiner det blir ekstra synleg når studentar frå «grønne» utdanningar blir rekrutterte.
– Det er tveegga fordi Equinor kan seie at dei har tilsett ein student i berekraftig leiing, og vise til at den studenten har fått arbeid hos dei. Sjølv om studenten ikkje får arbeide med det som den har studert. Dermed får ikkje studenten gjort det den ynskjer, og Equinor kan grønnvaska seg med arbeidstittelen, seier han.
Equinor kan grønnvaska seg med arbeidstittelen.
Torje Løland, NTNU-student
Equinor svarar på kritikken
Equinor meiner akademiaavtala styrkar både forskninga og selskapet.
– Equinors akademiprogram finasierer grunnforskning ved fem norske universitet og Noregs Handelshøgskule. Me meiner det skaper verdi både for oss og akademia når me saman identifiserer problemstillingar der me treng meir grunnforskning, seier Gisle Ledel Johannessen, talsperson for Equinor.
Han understrekar òg at Equinor har tatt store steg for å omstille seg.
– Dei siste åra har Equinor investert om lag 100 milliardar kroner i fornybart og lågkarbonløysningar. For tida byggjer me ut tre store vindparkar i Storbritannia, Polen og USA. Dette gjer oss til ein av dei tre største utbyggjarane av offshore vind globalt, seier han vidare.
Samstundes meiner selskapet at olje og gass vil vera ein del av energiforsyninga i mange år framover.
– Tempoet blir påverka av geopolitisk uro, endra prioriteringar i land og samfunn, interessemotsetningar, manglande føreseielegheit og kostandsutfordringar. Dette vil krevje vidare leiting og investeringar i olje- og gassprosjekt med lågast mogleg utslepp. Olje og gass vil framleis vera viktig for verdas energiforsyning i lang tid.
Johannessen avviser at dei driv grønnvasking, og meiner Equinor ikkje har behov for å framstille seg noko dei ikkje er.
– Tvert imot, me skal vera transparent, både om ambisjonane våre og kor langt me faktisk har kome i vår eigen omstilling.
Små seirar, stor kamp
Tilbake på Hovedøya fortel Løland at rørsla skal fokusere på dei små seierane.
– Om linjeforeiningar og studentar kan seie nei til Equinor, så betyr det at ein tek eit standpunkt. Om det er 20 små cupcakes med logo på som Equinor ikkje får selde på stand, burde det bli feira.

Han meiner slike små handlingar er viktige fordi dei viser at det finst alternativ til å la oljeselskapa sette premissane på campus. Når studentane seier nei til sponsorar, arrangement eller reklame, sendar dei signal til både universitetet og til Equinor om at påverknaden deira ikkje er ønskt.
Mange ser på klimakamp som ein lang motbakke, derfor er det viktig å halde på motivasjonen.
– Me treng friske og motiverte aktivistar i mange tiår framover. Derfor skal me feire undervegs. Alt kan bli oljefritt. Ein dass, ein konsert og ein bar. Ei avis, ei linjeforeining, eit studium eller ein høgskule, seier Gylver.
Ei nasjonal rørsle
Den grønne rørsla skal ikkje berre bli på Hovedøya. Studentar frå Trondheim, Bergen, Oslo og Ås var til stades på stiftinga. No ser dei engasjerte aktivistane for seg nasjonale samlingar, samarbeid med studentar frå andre land og politiske verkstader.
– Det å sitja på eit svaberg og drikke øl og prate, det er òg kjempeviktig. For det handlar om at ein kjenne at ein er mange, og ein del av ei rørsle. Det skal ikkje vera hardt heile tida. Det skal vera gøy å engasjere seg, seier Julia Giæver.