
Låg kvinnepublisering ved UiO
Kvinnelege forskarar ved Universitetet i Oslo publiserer langt færre vitskapelege artiklar enn sine mannlege kolleger.
– Universitetet tek ikkje desse tala som kritikk, seier viserektor Inga Bostad.
Både i 2005 og 2006 hadde kvinner på Universitetet i Oslo (UiO) langt færre vitskapelege publikasjonar enn menn.
Ingen kartleggjingsplanar
På Det humanistiske fakultetet (HF) produserte kvinner og menn høvesvis 0,21 og 0,44 publikasjonspoeng per årsverk i 2005 og 0,23 og 0,42 i 2006 på nivå 2. I følgje prodekan for forsking og forskarutdanning på HF, Mette Halskov Hansen, har Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) ei særleg markant skeivfordeling på dette nivået ved at berre 7 prosent av publikasjonane i 2006 var produsert av kvinner. Halskov Hansen stiller seg skeptisk til sjølve systemet.
– Er det slik at kvinner ikkje publiserer, eller er det slik at dei publiserer i kanalar som ikkje kjem med i nivå 2?, spør ho.
Det finst ikkje klare planer på HF om å kartleggje årsakene til den skeive kjønnsfordelinga blant dei som publiserer.
– Vi har ikkje tenkt å setja i gang store undersøkingar om kvifor det blir slik. Vi har andre prioriteringar, men dette inngår i ei heilskapleg likestillingsplan for fakultetet, forklarar Halskov Hansen.
Kvinner lite karrierelystne
Karen Gammelgaard, forskingsleiar ved ILOS, fortel at for to-tre år sidan skulle dei vitskapelege tilsette melde inn kva dei ønskte registert som nivå 2 publikasjonar. Ho seier menn kan ha vore meir merksame på denne prosessen.
– Kvinner er ikkje så gode til å konsentrere seg om eiga karriere, dei er flinkare på det kollegiale og på undervisning. Menn kan vera meir fokusert på kva som gir utteljing, hevdar ho.
Gammelgård veit ikkje kva som kan vera årsaka til at nett hennar institutt kjem så dårleg ut på likestillingsstatistikken. Det tør heller ikkje Halskov Hansen slå fast, men ho peikar på at ILOS er eit språkinstitutt.
– Dei publiserer til dømes i russiske, franske eller tsjekkiske tidsskrift som seint er fanga opp av teljekantsystemet, forklarar ho.
– Beklageleg
Leiaren i Forskarforbundet, Bjarne Hodne, meiner situasjonen er sterkt beklageleg, og trur det kan ha samanheng med arbeidstilhøva. Dersom kvinner har meir administrativt ansvar og er meir opptekne med undervising, er det eit problem meiner han.
– På studentnivå er det flest kvinner, og dei og tek dei beste eksamenane. Men så fell dei av. Det er langt færre kvinner enn menn blant førsteamanuensisar og på professorsida. Dette gir ei skeivskap i akademia som ikkje speglar folkesetnaden.
– Uformelle nettverk
Viserektor Bostad meiner det er god grunn til å vurdere om andre publikasjonssystem kan slå annleis ut med tanke på likestilling. Ho seier at universitetsleiinga vil gå gjennom kulturen på alle nivå, og sjå om forventningane som blir stilt overfor kvinner og menn er ulike.
– Du har uformelle nettverk som gjer at menn i større grad enn kvinner blir trekte inn i viktige prosessar, hevdar ho.
Bostad tør ikkje seia kor lang tid det vil ta før desse statistikkane endrar seg vesentleg.
– Dette handlar om at grunnleggjande mønster må endrast, og det er ikkje gjort i ei handvending. Det verste ein kan gjera er i alle fall å seia at det er kvinnene si eiga skuld.