Munnleg kamp

HVEM: Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag

Publisert Sist oppdatert

STUDERTE: Offentleg rett mellomfag, historie grunnfag

NÅR: 1992-94

AKTUELL MED: «Medlemsboom» etter Ut i vår hage 2.episode

– Under munnleg eksamen sat eg berre og sveitta og tenkte på om eg ville nå bussen til ein sommarleir, fortel Gro Morken Endresen. Studietida hennar i Oslo bestod av å vera leiar i Norsk Målungdom. Ho kom til hovudstaden for å drive målarbeid, og hadde aldri planar om å frekventere Blindern særleg ofte. Slik vart det heller ikkje.

Vage minne om semesterstartaksjonar i Studentmållaget og ei storskjerm-framsyning av «Blues Brothers» er stort sett det som dukkar opp av minne frå tida på Blindern. Morken Endresen hadde tidlegare studert i Bergen og opplevde studiemiljøet i hovudstaden som meir fråskilt frå resten av byen.

– I Oslo blir Blindern eit eige punkt der folk studerer. Men livet føregår jo ein heilt annan plass, hevdar ho.

Til å begynne med studerte Morken Endresen ved Det juridiske fakultet i sentrum. Trass dårleg oppmøte på forelesingar opplevde ho ei overveldande omsorg frå fakultetet.

– Etter avlagt mellomfagseksamen seint i juni i 92, skulle eg opp til munnleg. Midt i ein del stress med sommarleiren eg skulle opne, vart eg brått oppringt av ei dame som spurde om eg ikkje skulle ha møtt opp til munnleg eksamen, fortel ho.

Det viste seg at den engasjerte målaktivisten hadde teke feil av tidspunktet, og skulle ha møtt opp om morgonen, i staden for ettermiddagen.

– Dama la ut om kor engstelege dei hadde vore for meg, at dei frykta eg var påkjørt og så vidare. Eg var veldig overraska over den enorme omsorga for einskildstudentar. Men vi var ikkje så mange. Det var kanskje berre eg og ei til som gadd å ta munnleg eksamen i faget, seier ho.

Det språkpolitiske arbeidet opp mot universitetet viste seg derimot å bli ei stor skuffing.

– Eg møtte ein ufatteleg arrogant studieadministrasjon. Vi ville ha registreringsskjema, eksamensmeldingar og alt mulig på nynorsk. Men dei berre trekte på skuldrene og sa at det hadde dei ikkje. Ein får jo lyst til å kaldkvele folk av og til, medgir ho.

På ei tid der gryande EU-kamp prega det politiske arbeidet i målrørsla, valte Morken Endresen å fordjupe seg i europeisk marknadsrett. Ho trur organisasjonsarbeidet redda henne gjennom eksamenane.

– Eg lærte mykje av å jobbe i organisasjon, og tileigna meg ein del allmennkunnskap gjennom det. Det vart litt studering innimellom, men mest skippertak.

Den daglege leiaren i Noregs Mållag er ikkje i tvil om kva som er det beste ved å vera student.

– Fridomen til å styre døgnet sjølv. Eg er eit b-menneske av rang, og om eg kunne velja, ville eg truleg jobba om natta, meiner ho.

Powered by Labrador CMS