NAKEN OG SÅRBAR: Stor scene, små menneske. Eir Torvik og Martin Holvik foran juryen.

Draumefølgjarar

Dei nysgjerrige, dei ambisiøse, dei pessimistiske og dei som aldri heilt gav opp håpet går i ilden for skodespelardraumen.

Publisert Sist oppdatert
KLÆR SKAPAR FOLK: Full tilgong til kostyme- og rekvisittlageret på Teater Neuf. Frå venstre Martin Holvik, Eir Torvik og Maria Lønnemo.
GRUPPEAUDITION: Lær deg fire sider tekst på ein time og ikkje gløym det foran regissørane. Så er du (kanskje) inne.
GWENDOLEN!: Maria Hollevik omskapast til kåt adelsunge anno 1890.
KVEN ER...?: Maria let seg sjarmere av bedragaren Martin. Eg meiner Jack. Eg meiner Ernest.
FORTVILING: Korleis vere Lady B? Skodespel er ikkje ein leik.
SJØLVSIKKER MED PARYKK: Eg kjende meg straks betre i halvt kostyme.
DIN STORE SJANSE: Du kan prøve deg som skodespelar i fleire ulike oppsetningar utover hausten.
NERVØSE: 55 håpefulle samla før ildprøva byrjar.
DOMMEN: Frå venstre produsent Mine Yalcin og regissørane Harald Engan og Peter Lunga.
ROMANTIKK OG HÅPLAUSHEIT: Medan Gwendolen og Jack er oppslukte av kjærleiken fortviler nokon over mange replikkar og nervøsitet.

Teater Neuf – Studentteatret i Oslo

  • Hadde premiere 1835.
  • Er Noregs fyrste studentteater og det eldste noverande teater i hovudstaden.
  • Kjente namn inkluderer Pål Bang-Hansen, Liv Ullmann, Alf Prøysen, Ida Elise Broch, Ibsen og Bjørnson.
  • Erklærte på 60-talet sin støtte til klassekampen, og gav liv til Tramteatret og Pelle Parafins Bøljeband.
  • Driv i dag prosjektbasert teater i tillegg til monologgruppe, improgruppe, fransk teater og teatersport.
  • Stykket Kven er Ernest har premiere i mars 2010, i anledning teaterets 175 års-jubileum.
  • Ifølgje teatersjef Peter Lunga er stykket vald for å «gjere noko som berre er gøy. Og forviklingskomedie er sinnsjukt gøy.»

– Det gjer ikkje noko, eg kan jo vere eit møbel. Eller stille i dragkostyme, seier Martin Holvik, når eg påpeker manuset me har fått utdelt har ei mannleg rolle for lite for gruppa vår på tre.

Teaterscena på Chateau Neuf syder av kreativitet og narsissisme. 55 nervøse studentar følgjer konsentrert med på instruksane frå produsenten. For nålauget er trongt. Tretti var på audition førre helg, tolv har allereie gått vidare til neste runde. Åtte roller skal fyllast til Kven er Ernest på Teater Neuf.

Så viser det seg at me har fått feil manus. Regissørane avslår vennleg våre forsikringar om at me kan iscenesetje nærmast kva som helst, og gir oss eit script med tre rollefigurar og rett kjønnsfordeling. Maria Lønnemo, Martin og eg løper ned på grupperom 1 for å pugge replikkar, forme karakterar og lage scenografi. Det er ein og ein halv time til me skal stille all vår kunstnariske styrke og sårbarheit på prøve foran det sjuhoda monstret som utgjer dommarpanelet.

Sprengkåt overspeling

– Eg tykkjer me skal overdrive. Betre det enn andre vegen. Realistisk blir for kjedeleg, tykkjer Maria.

Ho tar rolla som den unge og, i vår versjon, sprengkåte Gwendolen. Martin slipp å vere levande møbel og omformast i staden til bedragaren Jack, ein av dei to unge herremenna som skjuler seg bak dekknamnet Ernest for å oppnå spenning og romantikk. For det er noko med Ernest. Eller rettare sagt, med namnet Ernest.

Sjølv er eg mor. Lady Bracknell. Engelsk overklasse anno 1890. Streng og kritisk, men open for forhandlingar dersom dei kan lede til eit fordelaktig ekteskap for mi einaste dotter.

Eg står med manus i handa og veit ikkje heilt korleis eg skal gripe det an, til trass for at eg ein gong skulle bli skodespelar. Eg finner ein gråpudra parykk på kostymelageret og kjenner meg straks meir sjølvsikker.

Maria og Martin har enno ikkje gitt opp kunstnardraumen.

– På Romerike (folkehøgskule, red. anm.) ville alle bli skodespelarar, men ingen sa det høgt, seier Martin.

– Ein verker nok litt overlegen dersom ein trur på ein slik draum. Tenk om ein ikkje lykkast. Det blir jo kjempeflaut.

– Ikkje hårsår

Sjølv kjenner eg meg mindre og mindre overlegen etter kvart som klokka tikkar mot skjebnetimen.

– Lugg meg! roper Martin og held handa mi fast oppå hovudet sitt.

Eg latar som eg tek eit skikkeleg tak i håret på min kommande svigerson og drar han til venstre, høgre og venstre igjen før han kjem seg laus og tumlar bortover scena. Det ser vondt ut, men Martin hevdar at han ikkje er hårsår. Scenekamp er dessutan berre vald på liksom.

Nervøsiteten legg seg som rødme i kinna og stivheit i alle ledd når vi går inn på teaterscena for sjølve auditionen. Eg ventar i hjørnet til Gwendolen er i gang med buksesmekken til Jack, før eg kjem brått inn på scena. Tør ikkje sjå på juryen og replikkane strøymer ut av meg utan at eg kontrollerer kva eller korleis. Eg gløymer halvparten av den lange monologen og bytter om namn på dotter og bedragar. To minutt, så er det heile over. Litt latter, ingen applaus. Me raskar med oss rekvisittane våre og kjem oss så raskt som råd er ut på gangen.

Adrenalinkick

– Det gjekk kjempebra, seier Maria. – Enda betre enn på øvinga!

Ho meiner hjartebank og spenning er ekstra skjerpande. Martin er av same oppfatning, men er likevel ikkje sikker på resultatet.

– Kvar gong eg tenkjer at eg har ein sjans går eg ikkje vidare. Når eg tenkjer at det gjekk latterleg dårleg blir det omvendt. Så det er best å vere negativ, smiler han.

Me har ledd, krangla, slått og tafsa på kvarandre sidan me møttest for halvannen time sidan. No skiljast vår imaginære familie for alltid. Eg flyter på adrenalin dei neste to timane og klarer ikkje heilt sjå viktigheita av den verkelege verda ute i kveldsmørkret.

Skodespelardraumen enda der for min og Martin sin del. Maria kjempar vidare om ein av dei åtte rollene i andre runde.

Powered by Labrador CMS