Juridisk poesi

HVEM: Cathrine Grøndahl STUDERTE: Cand.mag. med psykologi, religionshistorie og filosofi, embetseksamen jus NÅR: 1988-1993, 1997-2000 AKTUELL MED: Diktsamlinga «Jeg satte mitt håp til verden» i februar

Publisert Sist oppdatert

– Eg var ein begeistra student og studerte mykje. Det var ein utruleg spennande måte å erobre kunnskap og verda på, og eg kasta meg ut i fag etter fag, seier Cathrine Grøndahl. Den seinare lyrikaren og juristen var ein uvanleg effektiv student. Ho tok mange av faga på kortare tid enn normert, utan at ho meiner det låg nokon trylleformel bak det.

– Eg var nok flink til å konsentrere meg, og syntes det å studere var veldig interessant. Eg leste iherdig. Å lære seg å ha den kritiske innstillinga til stoffet var også ein motivasjon, forklarar Grøndahl.

Da cand.mag.-graden var i hamn, vart det eit par års pause. Så kom jussen. Grøndahl vedgår at ikkje alle emna ho tok var eksistensielt spennande, men studiet gav innblikk i korleis makt og rettferd blir forvalta, og det var eit samfunnsperspektiv ho hadde god nytte av å få innblikk i. Motivasjonen bak studiet var klar:

– Eg ville bli talsperson for folk som ikkje kunne snakke så godt for seg sjølv, og som kunne hamne i veldig vanskelege situasjonar i livet, seier advokaten.

Grøndahl trivdes på universitetet, og hadde mange vener som ho framleis har kontakt med. Men ikkje alt var like rosenraudt den gongen heller. Grøndahl hugsar at spesielt filosofi var kjent for å ha ein del gutar som ikkje gjorde det så triveleg for studentane rundt seg.

– Det var litt brutalt på det intellektuelle planet. Ein kunne koma inn på pauserommet og bli sabla ned om ein sa noko dumt. Eg hadde det bra, men trur ikkje det var alle som opplevde det like inkluderande, meiner Grøndahl.

Studietida var til stor inspirasjon da Grøndahl gav seg i kast med lyrikken.

– Eg opplevde at det eg leste i pensum ikkje stod i høve til mi eiga erfaring og mitt liv. Dikta vart ein motreaksjon på dette veldige gapet, seier ho. Juristen forsikrar likevel om at det ikkje berre var frustrasjonen som fann vegen til poesien.

– Eg skeiv ei diktsamling som heitte «Lovsong.» Den er inspirert av jussen fordi det er eit møte mellom poetisk og juridisk språk, forklarar ho.

Grøndahl nytta til og med Peder Ås i nokre av dikta sine, ein gjengangar frå eksamensoppgåvene på Juridisk fakultet.

– Eg syntes han fortente nokre dikt. Peder Ås levde ein litt kummerleg tilvere som oppgåvefigur, men kanskje var han den vesle mann, ein som vi alle trengte å lære noko av. Og korleis hadde han det elles? I eitt av dikta protesterer han mot tilveret, og meiner det er stusseleg å leva slik han gjer, utdjupar juristen.

Grøndahl såg det som eit privilegium å studere. Ho påpeikar at det er viktig å finne noko ein kan bli engasjert i, og at ein ikkje får same høvet til å fordjupe seg i fagstoffet i arbeidslivet.

– Var du lei for å måtte forlate universitetet?

– Eg hadde uendeleg med poeng og var godt forsynt. Men det kan vera fint å nyte fridomen medan du har han.

Powered by Labrador CMS