Brenn bruene

Studentparlamentet ved UiB diskuterte denne veka utmelding av Noreg. Nei, NSO! Nei … Eh … Jo..? Me spør nestleiar Njaal Neckelman.

Publisert

– Det vart oppheita diskusjon, men me vedtok førstegangsutmelding.

– Oppheita. Ja, korleis er det vestpå no på våren? Blomstrer det fra Fiere til Fiel? – Haha, ikkje heilt enno. Men sola skin, så det blir vel grønt snart.

– Grønt som NSO-logoen. Kvifor er medlemskapet så problematisk for UiB? Ser du på NSO som Ilden og Sverdet som aldrig må fornærme Bergen? – Ja. Men NSO-leiinga kan ikkje klandrast. Det er landsmøtet og pengebruken som er problemet.

– De vil bruka dei 900.000 de kan spara på utmelding på psykisk studenthelse. Er det mange i Bergen som har mindreverdskompleks dei treng å snakka om? – Nei, det trur eg ikkje. Det er langt til Oslo, men det er ikkje hovudproblemet.

– Det er restsen av Noreg som er problemet? – Ja. Men det er jo fleire som deler synet vårt, sjølv om me kanskje er dei einaste som går så langt som til utmelding.

– Er det meir du vil melda deg ut av? – Nei, me har jo berre NSO å melda oss ut av.

– Så de brenn alle bruer til omverda no? Dette er eit steg på vegen mot vestlandsk sjølvstende? – Nei, enn så lenge må me nok venta med det...

– Enn så lenge, ja. – Eh, ikkje siter meg på det!

– Trur du sorgen vil forgå dig om du stemmer Citharen og tar den med op på Ulrikens Top? – Nei, det trur eg nok ikkje.

– Eg forstår, me er beyond det. Njaal Neckelmann, du trugar med å riva både det nasjonale studentsamhaldet og Noreg som nasjon i fillebitar, vil du vurdera di stilling?_ – Nei, me ser ikkje på det på den måten. Men no ser eg ikkje at me har noko val. Det er ikkje lett. Kan eg få ein sitatsjekk?

Powered by Labrador CMS