RIKTIG: Denne brokkolien blir slaktet på halalvis. I likhet med resten av grønnsakene på SV-kantina. Ett eller anna. Ka du trur?

Urein grønnsaksmorder med godt samvit

– Korleis kutter de grønsakene på SV-kantina?

Publisert Sist oppdatert
Steinar Grønnerød. FOTO: Studentkafeene, SiO.

Steinar Grønnerud, driftssjef i studentkafeene

– Det spørst kva du meiner. Me kutter ofte med kniv. Salaten er ferdigkutta når me får den. Det me kutter sjølv, er kutta med kniv.

– Eg reknar med grønsakene er levande når dei slaktast?

– Ja. Du kan vel seie det slik.

– Og kvasten på gulerota er sjølvsagt vendt mot Mekka når den drepes?

– Kva sa du no, eigentleg? Eh. Kvasten følgjar ikkje med når me får gulrøtene.

– Etter halalreglane skal ikkje aspargesen lide unødig smerte under drapet. Korleis blir det ivaretatt under matlaginga?

– Eeeh. Då må du nesten høyre med leverandøren. Me får dei ferdig kutta i pakker. Eg reknar med riktig kutting er tatt hand om frå produsentens side.

– Når maten blir produsert så reknar eg med at dei to hovudpulsårene på brokkolien vert høgtideleg kutta mens ein uttaler «Bi-smi llah Allaho Akbar» i høg frekvens?

– Det gjer me nok ikkje med brokkolien.

– Men sjølvsagt med andre grønsaker?

– Nei.

– Kva? Fortel du meg at vegetarmiddagen på SV-kantina faktisk er haram og ikkje halal?

– Om du tenker etter muslimske regler, så kan nok det stemme.

– Heile besetninga ved kafeen er innvandrarar, og derfor muslimar. Er denne middagskombinasjonen vegetar/halal eit slags kompromiss for at besetninga skal kunne få mat til lunsjen?

– Nå er ikkje så mange av dei som jobbar der muslimar.

– Men dei er jo utlendingar?

– Dei fleste er norske statsborgarar.

– Dei har altså ikkje bedt om halal?

– Halalmiddag er eit tilbod me har til muslimske studentar.

– Ein annan ting: For oss som har vakse opp i periferien, kan det ofte bli heftige språkproblemer med innvandrarar. Når eg, etter tjue minuttar i kø, seier at eg «jedna ville hatt nogen jordepler og stomp», får eg berre tomme blikk, og blir nøydt til å grave til meg litt nøtter ved kassen, for å ikkje måtte starte køen på nytt. Kunne ein norsk tolk ved kassen vore ein idé?

– Nei. Det hadde blitt veldig kødannende om me skulle oversette alt. Då trur eg nesten det er betre at kvar enkelt gjer seg skikkelig forstått.

– De opprettheld ingen av halalreglane rundt vegetarmatlaginga, og nektar å legge til rette for tovegskommunikasjon mellom kundar og tilsette i kantina. Dette synes eg stinkar av dårlig integrering og kundeservice. Vil du vurdere stillinga di?

– Hehe. Nei, ikkje på grunnlag av dette.

Powered by Labrador CMS