SKEIV FORDELING: Medan papira til venstre er på nynorsk, er stabelen til høgre på bokmål. Astrid Marie Grov, leiar i Studentmållaget i Oslo, trur grunnen til dei låge tala er liten vilje til bruk av nynorsk, samt liten kunnskap i nynorsk rettskriving.

– Bryt mållova

Ikkje ein gong éin prosent av papirskriv på under 10 sider er på nynorsk ved Universitetet i Oslo, syner ein rapport frå Språkrådet. Kravet er ifølgje mållova på 25 prosent.

Publisert Sist oppdatert

Mållova i kortversjon:

  • Det skal vere jamstilling mellom bokmål og nynorsk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.
  • Kommunane og fylkeskommunane har rett til å krevje skriv frå statsorgan på bokmål eller nynorsk.
  • Privatpersonar og private instansar har rett til å få brev, eksamensoppgåver, vitnemål o.a. på si eiga målform
  • Statsorgan pliktar å syte for at skjema er tilgjengelege både på bokmål og nynorsk

– Dei språklege prioriteringane til dei offentlege organa er heilt forkastelege, seier Jon Grepstad, informasjonsrådgjevar i Språkrådet.

Rapporten Språkrådet nettopp har kome med, syner at av totalt om lag 160 statsorgan, fylgja berre 35 mållova i 2006. Av alle papirskriv på under 10 sider, ligg Universitetet i Oslo (UiO) på eit botnnivå med berre 0,3 prosent nynorsk. Samstundes kan dei syne til ein prosentandel på heile 26,1 prosent nynorsk i skriv på over 10 sider. Grepstad er likevel ikkje nøgd:

– Det er ikkje tvil om at tala for nynorskprosent ved UiO framleis er alt for låge, seier han.

– Bryr seg ikkje

– UiO tek ikkje inn over seg at det er ein rett for nynorskstudentar å møte språket sitt, seier Astrid Marie Grov, leiar i Studentmållaget i Oslo.

Ho trur grunnen til dei låge tala er lita vilje til bruk av nynorsk, samt liten kunnskap i nynorsk rettskriving.

Sylfest Lomheim, leiar i Språkrådet, er einig med Grov i dette.

– Systemet rullar og går utan at nokon bryr seg, seier han.

Kommunikasjonsdirektør ved UiO, Siv Nordrum, er lei for at UiO held fram med å bryte mållova.

– Dette får vi dårleg til. Og slik har det vore lenge. Men det er vanskeleg å få tilsette til å skrive på nynorsk, seier ho.

Lomheim tilbyr ei løysing på rettskrivingsproblema.

– Språkrådet sendar gjerne rettleiarar til UiO. Dei kan svare på alt som har med språkbruk å gjera, informerar han.

Tøffe krav

Nordrum ynskjer alle tilbod velkommen, men ho trur ikkje fråveret av nynorsk skuldast mangel på vilje.

– Sjølvsagt vil vi følgje norsk lov, men i ein travel kvardag kjem kravet om jamstilling mellom bokmål og nynorsk som enda ei oppgåve det ikkje vert tid til. Nynorsk vert nedprioritert.

– Kva er det som tek så mykje tid?

– Mellom anna vert krava til internasjonalisering stadig tøffare, og UiO møter kritikk for å vere for dårlege på engelsk. Dette er derfor eit felt som vil vere mykje i fokus i tida framover.

– Korleis trur du dette fokuset på engelsk vil påverke omsynet til mållova?

– Det veit eg ikkje, men det eg kan seie er at akkurat no er omsynet til engelsk like presserande, seier Nordrum.

Grov tykkjer ikkje fokuset på engelsk treng å gå utover omsynet til nynorsk, og er ikkje nøgd med prioriteringa til UiO

– Dette er ei billig orsaking, seier ho.

– Ikkje eit provinsuniversitet

Nordrum ser det også som ei utfordring at UiO ligg på ein stad der det ikkje er vanleg å skrive nynorsk.

– UiO ligg jo i det tjukkaste bokmålsområdet i landet, seier ho.

Grepstad tykkjer ikkje dette er gode orsakingar, men går med på at det er enklare for universitetet i Bergen å følgje lova på grunn av området det ligg i.

– UiO har eit stort ansvar som det største universitetet i Noreg, og dei pliktar å følgje mållova sjølv om dei er opptekne med mykje anna.

Grov er einig med Grepstad:

– UiO må slutte å tru at dei er eit provinsuniversitet for det sentrale austland,

seier ho.

Powered by Labrador CMS