
Stipendiatar får ikkje sensurere
Det juridiske fakultet har ikkje råd til å nytte eigne tilsette til oppgåvesensur.
– Stipendiatane har vore ryggrada i sensursystemet for eksamenane, seier ein ekstern sensor på Det juridiske fakultet som ønskjer å vere anonym.
Grunna økonomiske vanskar ved Det juridiske fakultet (JUS) kan likevel ikkje stipendiatar lenger sensurere oppgåver ved fakultetet. Etter at Særavtalen om lønns- og arbeidsvilkår for undervisnings- og forskarstillingar vart sagt opp frå 1. august, er det for dyrt å nytte tilsette og stipendiatar til overtidsarbeid ved JUS. Konsekvensen er at eksterne krefter må hentast inn, for dei treng ein berre lønne til ordinær timesats, utan tillegg.
Normalt sett kan sensuroppgåver falle inn under den tilmålte undervisningsplikta stipendiatane har, men fordi der er få lærekrefter, er der ikkje kapasitet til det. Difor blir det overtidsarbeid.
Lars Magnus Bergh, stipendiat ved Institutt for offentleg rett, tykkjer dette er ein uhaldbar situasjon.
– Det å vere sensor er ei viktig erfaring. Særleg for oss som er knytt til fakultetet, seier han.
Ifølge Bergh verkar det som ein bakvendt konsekvens av økonomiske vanskar at JUS til dømes hentar stipendiatar frå andre juridiske fakultet i landet, som ved Universitetet i Bergen, til å sensurere, men at dei ikkje kan nytte sine eigne.
Den eksterne sensoren Universitas har vore i kontakt med, tykkjer det er to tap som kjem som følgje av at stipendiatar ikkje kan vere sensorar.
– For det første vil det svekke tilfanget av sensorar. Der er krav om svært høgt karaktersnitt for å kunne sensurere oppgåver på JUS, og det å ikkje kunne nytte alle ressursar tilgjengeleg vil vere ugunstig, seier han.
For det andre framhevar han at der har vore tradisjon for både ein ekstern og ein intern sensor på masteroppgåver, men at dette no kan ende med å berre vere to eksterne. Sensoren trur der kan vere fare for meir tilfeldig og ukonsekvent karaktersetjing om interne ikkje er med i prosessen.
Dekan ved JUS, Jon T. Johnsen, beklagar situasjonen, men fortel at om dei skal betale overtidsarbeid for faste tilsette, vil det sprenge eit alt pressa budsjett.
– Vi vert nøydd å dekke inn med timelærarar av økonomiske grunnar, seier han, og innrømmer det er uheldig for undervisningssituasjonen at der ikkje er kontinuitet i lærekreftene.
– Det vert ikkje forskingsbasert undervisning som det burde vere. Dette er diverre ein konsekvens av ein uheldig økonomisk situasjon, seier Johnsen.