Jakthøst: Jon Grindbakken gjer det han kan for å spare pengar på straum.

– Du skal vere, i mangel av betre ord, ei hore i straummarknaden

Høge straumprisar gjer at Jon Grindbakken (26) byter straumavtale kvar andre månad. De er det pengar å spare på, bekreftar Forbrukarrådet.

Publisert Sist oppdatert

Tre straumtips til studentar:

  • Ver bevisst på kva straumavtale du vel. Straum er jo straum, uansett, og det er ingenting spesielt med avtalar som marknadsfører seg mot studentar.
  • Sjekk strømpris.no for å få oversikt over dei billegaste avtalane, både varige avtalar og kampanje.
  • Det kan vere fornuftig å ikkje velje fastpris viss du er student. Skal du flytte, reise på utveksling eller flytte saman med nokon du treffer på studiet, er det dumt å ha ein fastprisavtale som er dyr å seie opp.
  • Kjelde: Thomas Iversen, seniorrådgiver Forbrukarrådet

Jon Grindbakken (26) er over gjennomsnittet opptatt av straumprisar. Han bur i kollektiv med tre andre i ein gamal bygard på Bislett. I ein stor og dårleg isolert leilegheit, som attpåtil er i fyrste etasje, merkar dei dei høge straumprisene godt.

– Det er jo vi som på ein måte står for oppvarminga av golvet til dei over, seier Grindbakken.

Spesialpedagogikkstudenten har skjønt at det er mykje pengar å spare på straum, og det har nesten gått sport i å finne dei billigaste avtalane. Han byrja å byte straumavtale hyppig etter tips frå broren, som jobba ein periode i straumselskap.

– Du skal vere – i mangel på betre ord – ei hore i straummarknaden. Og det er eg heilt open om når eg pratar med straumselskap.

Les også: – Dei nye studentane veit ikkje at me finst

Byter avtale kvar andre månad

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er straumprisane for hushaldningar tredobla frå andre kvartal 2020 til andre kvartal 2021, og det er ingenting som tyder på at prisane går ned med det fyrste.

Dei høge prisane er ein kombinasjon av kaldt vêr og lite vatn i magasinane. Ei undersøking utført av Ipsos for Norgesenergi viser at heile 71 prosent er bekymra for at straumprisane skal auke framover, skriv NRK.

Grindbakken jaktar det han kallar start-up deals, som han stort sett har i cirka to månader.

– Prisane er skyhøge no. Eg er stort sett på utkikk etter spotprisavtalar utan binding, men sånn som det er no, trur eg at fastprisavtalane er billegare med binding.

Når han signerer ein avtale, set han på ein alarm seks til sju veker seinare. Då er det er på tide å byte. Når Universitas møter han, har alarmen akkurat ringt, og han er klar for å jakte neste tilbod. Då legg han inn kontaktinfoen sin på nettsida elskling.no. Dette er ikkje ei online dating-side, men ei side som samanliknar straumleverandørar. Når Jon har lagt inn telefonnummeret sitt her, er det berre å vente på at leverandørene skal kome til han.

– Det var ein som ringte i stad, men det tilbodet kunne eg ikkje ta, for det var litt dyrare enn det vi har. No har vi minus 36 kr per Kw/t (kilowattime). Altså spotpris minus 36 øre, som er eit typisk oppstartstilbod.

Spotpris er marknadsprisen for Kw/t per døgn, altså den prisen alle straumleverandørane kjøper for.

Det er tydeleg at Jons taktikk har effekt på lommeboka.

– I sommar fekk vi pengar for å bruke straum, då hamna vi under 0 øre Kw/t.

Når straumprisen er under null får ein ikkje pengar inn på konto, men plussbeløpet vert trekt frå nettleiga. Prisen på nettleiga er det vanskeleg å spekulere i, så det kjem godt med ifølgje Jon.

Les også: Jussbuss og Jurk trues med kuttstøtte av kommunen: Jurist­for­bundet ber poli­ti­kerne snu

Må følgje godt med

Seniorrådgivar i Forburkarrådet Thomas Iversen anerkjenner Grindbakkens metode, og bekreftar teorien hans om at ein bør vere ei hore i straummarknaden.

– Ja, det er eg einig i. Det er lov å vere utro mot straumselskapet sitt. Ein treng ikkje gifte seg, det er lov å byte.

Han bekreftar at det stort sett alltid er mogleg å finne kortvarige tilbod som gir veldig billeg straum.

– Viss du er ein bevisst forbrukar og har relativt god kunnskap om straummarknaden, er det ingenting i vegen for å surfe på slike kampanjetilbod.

Viss ein vel å gjere som Grindbakken, er han tydeleg på at det er viktig å følgje med.

– Du må vere bevisst på å byte straumavtale mange gonger i året for å alltid ha eit kampanjetilbod, og det er det ikkje alle som verken giddar eller ønskjer.

Iversen forklarer at det å byte avtale i seg sjølv er enkelt. Jobben ligg i å til ein kvar tid finne det beste kampanjetilbodet. Ein må følgje godt med på kor lenge tilbodet varer, for når kampanjen er over, risikerer ein å bli sette over på ein mykje dyrare avtale, forklarer han.

– Viss ein ikkje ønskjer å bruke så mykje tid på straumen, vil det for mange vere meir fornuftig å velje ein avtale som har fast lågpris. Dei er noko mindre prisgunstige, men dei er til gjengjeld vesentleg meir varige.

– Det er lov å vere utro mot straumselskapet sitt. Ein treng ikkje gifte seg, det er lov å byte

Thomas Iversen, seniorrådgivar Forbrukerrådet

Les også: Forskrift rammer studenter med forsør­gertap – mister stipend

Heller stillongs enn panelomn

Grindbakken sparar ikkje berre pengar på gode avtalar, men er òg ein bevisst forbrukar.

– Eg er den dårlegaste til å skru av lyset, men eg er veldig god på å skru av panelomnane våre. Eg kan ta på meg ein stillongs og tjukke sokkar og det går bra.

– Du bruker heller stillongs enn å slå på omnen?

– Ja. 200 kr på ein stillongs sparer du inn ganske fort på å skru av panelomnane, trur eg.

– Det høyrest litt hardt ut?

– Men det er jo koseleg å gå med stillongs.

Ønskjer nokon å sparre med

– Det hadde vore litt greitt om fleire eg kjenner ville halde på med det også. Slik at vi kunne hatt eit storkollektiv med straumspararar.

Draumen hans er å etablere ein gjeng på 10-15 stykkar som alltid er på utkikk etter gode deals, og har fullmakt til å signere avtalar på dei andre sine vegne. På den måten kan den som får ein god pris signere 15 husstander samtidig og kanskje få endå større rabatt.

– Har du tenkt på å starte ein SiO-forening?

– Hehe, nei. Så nørd trur eg ikkje eg er.

Så kjem erkjenninga.

– Greitt, kanskje eg er opptatt av straum.

Powered by Labrador CMS