Boikott
Utsett avgjerd om boikott
Akademisk boikott av Israel stod på dagsorden under universitetsstyremøtet tysdag. Eit definisjonsspørsmål prega diskusjonen.
Fulle tilhøyrarbenkar og engasjerte innlegg prega universitetsstyremøtet ved Universitetet i Oslo (UiO) tysdag morgon.
Temaet: om UiO bør innføre ein akademisk boikott av Israel.
Det er ikkje første gong denne saka har vore diskutert. Saka om akademisk boikott låg på bordet hos universitetsstyret allereie i februar 2024. Våren 2025 blei det avgjort at UiO skal følgje opp sine etiske retningslinjer for innkjøp. I dei eksisterande innkjøpsreglane blir det blant anna lagt til grunn at UiOs ansvar for å følge opp at leverandører «etterlever menneskerettigheter, internasjonal humanitærrett og folkerett i konfliktområder tydeliggjøres».
«Då apartheidregimet i Sør-Afrika vart boikotta, var det også akademikarar som sa at dialog var vegen. Historia har vist kven som fekk rett», skriv Studentparlamentet om akademisk boikott i eit femsiders vedlegg sendt til universitetsstyret i forkant av møtet.
Forslaget som låg på bordet
Universitetsleiinga ved UiO kom med forslaget som vart diskutert i professorboligen denne tysdagsmorgonen. Forslaget til vedtak hadde fire punkt: Ugreiinga om implementering av berekraftig anskaffelsespraksis skal takast til orientering, utgreiinga om forskingssamarbeid med israelske forskarar skal takast til orientering, akademisk boikott av Israel skal ikkje innførast, og nye overordna institusjonelle samarbeidsavtaler med israelske universitet skal inntil vidare ikkje inngåast.
Etter fleire timar med debatt vedtok styret å utsetje avgjerda til desember. Dette er for at saka kan bli betre opplyst, ifølgje styremedlem Emma Lengle.
Det var studentrepresentantane i universitetsstyret som hadde teke initiativ til å løfte fram spørsmålet. Dei meiner universitetet må ta eit tydeleg etisk standpunkt mot Israels krigføring i Gaza, og at dei brota på folkeretten som stadig blir dokumenterte.
– I verste fall, om vi ikkje vedtek ein akademisk boikott, risikerer UiO å støtte israelske institusjonar som er tett kopla til folkemordet og apartheidregimet, seier leiar for Studentparlamentet ved UiO Milad Rezvan, til Universitas.
– Når UiO inngår samarbeid som gir økonomisk gevinst til desse institusjonane, blir vi ein del av problemet, ikkje løysinga.
Rektor: UiO har ingen domsmynde
Rektor Ragnhild Hennum understrekar at universitetet må halde seg til sitt samfunnsoppdrag og ikkje ta politiske avgjerder på vegner av verdssamfunnet.
– Det er internasjonale domstolar som er sette av verdssamfunnet til å dømme om kva som er brot i folkeretten. Vi kan fordømme dei brota på krigens folkerett som skjer i Israel, men Universitetet i Oslo har ingen domsmynde i dette, seier Hennum.
Under møtet seier representant Berit Reiss-Andersen seg samd i dette, og etterlyser samtidig tydelegare rettleiing frå styresmaktene.
– Staten har skove eit enormt ansvar over på private aktørar. Det er ikkje slik at alle statlege institusjonar er eit eige utanriksdepartement, seier Reiss-Andersen.
Det er ikkje slik at alle statlege institusjonar er eit eige utanriksdepartement.
Studentane krev etisk ansvar
Mykje av diskusjonen på møtet gjekk ut på om samarbeid med individuelle israelske forskarar er eit institusjonelt samarbeid. For studentleiar Rezvan handlar saka ikkje berre om formelle avtalar, men om UiOs rolle i verda.
– Når UiO signerer samarbeidsavtalar, særleg innanfor Horisont Europa-programmet, og både vi og israelske institusjonar tener på det, er det eit institusjonelt samarbeid. Då kan vi ikkje late som om det er noko anna, seier han.
Han meiner at universitetet ikkje kan vere nøytral i møte med grove brot på folkeretten.
– Den akademiske boikotten handlar ikkje om å isolere enkeltforskara, men om å trekkje eit moralsk skilje mellom samarbeid som fremjar kunnskap og samarbeid som legitimerer undertrykking, fortel Rezvan.
– Rett å utsetje vedtaket
Anna Bergum Furset, studentrepresentant i universitetsstyret, meiner at diskusjonen om akademisk fridom blir forenkla.
– Eg er ueinig i at dersom ein forskar finn eit samarbeid på eige initiativ, blir det automatisk kategorisert som eit forskar-til-forskar samarbeid. Når UiO som institusjon signerer avtalar og gir økonomisk støtte, blir samarbeidet løfta over eit reint forskar-til-forskar-nivå. Dette gjer debatten om korleis ein akademisk boikott eventuelt påverkar akademisk fridom meir kompleks.
Ho synest møtet var konstruktivt, men at grunnlaget for vedtaket enno ikkje er godt nok.
– Eit steg i riktig retning
Styremedlem Lengle har vore ein aktiv pådrivar for boikottinitiativet. Ho seier at utfallet av møtet gir håp, men også uro.
– Eg er fornøgd med at styret bestemte seg for å gå med på det eg ønskte, ein lengre debatt denne gongen, og vedtak neste gong. Det er eit steg i riktig retning, seier ho.
Lengle meiner det kom fram at mange styremedlemmar framleis er usikre, og at tida fram mot desember blir avgjerande.
– Dei kommande vekene er viktige fordi vi no har opna debatten i styret. Fram til neste møte må alle som bryr seg, vere aktive og vise at dette ikkje er noko ulovleg å krevja, men eit nødvendig etisk oppgjer.
Ho meiner at UiO må sjå til andre europeiske universitet som allereie har gjort grundige vurderingar av forskingssamarbeid med Israel.