

Jobbsøking for akademikarar
Når studentar frå den største utdanningsinstitusjonen i Noreg skal ut i arbeidslivet, treng dei å verte minna på at dei kan noko som helst.





– I dag er mitt hovudmål å gjere dykk til offensive jobbsøkarar.

Frode Nyhamn, kursansvarleg ved Karrieresenteret, ser utover dei 20 studentane som har funne vegen til Art Café for jobbsøkarkurs. Nokre deltakarar verkar å smile lurt berre tanken.
– Kor mange her har søkt på ein jobb i det siste?, spør Nyhamn.
Fire, etterkvart fem, hender strekk seg i veret.
– Okei, kor mange har tenkt å søke på ein jobb det neste halvåret då?
Fleire hender skyt opp.
– Over halvparten. Godt. Det her kurset er først og fremst for dei som er på jobbjakt, men vil vere nyttig for dei andre og.
Frå fag til personlige kvalifikasjonar
– Det vi på universitetet er dårlegast på er å ta erfaringane og kunnskapen vår og gjere det om til eigenskapar. Om vi skal vere attraktive på arbeidsmarknaden må vi greie å setje ord på kva vi kan som ikkje berre er fag, seier Nyhamn.

Sidan øving gjer meister skal alle samle seg i grupper. Plakat og tusj vert delt ut. 15 eigenskapar ein får ved å studere på universitetet skal ned på arket. Og ein kan ikkje ta med fagkunnskapar. Deltakarane Husak Tecle og Line Alnes ser på kvarandre. Kva kan vi eigentleg? Ord som analytisk, kritisk, sjølvstendig kjem ned på arket. Framleis er der langt frå femten punkt. Når ordet samarbeid kjem som punkt nummer fem, smiler Tecle.
– De nordmenn skal visst alltid trekke fram det, seier han leande.
Tecle er frå Eritrea og har ein mastergrad i psykologi frå Sør-Afrika. Til våren er han ferdig med norskkurs ved Universitetet i Oslo. Gruppepartnar Alnes fullfører neste veke ein master i miljøkjemi. Begge skal ut i arbeidslivet, og tek jobbsøkarkurs som første steg.
Så fort alle gruppene får ned dei femten punkta sine, er det fram til tavla. Ein representant frå kvar gruppe skal framheve dei tre viktigaste punkta sine.
Espen Nord er først ut.
– Vi kan å setje oss inn i nye problemstillingar, er gode på skriftleg og munnleg kommunikasjon og er kritiske, seier han.
– Gode poeng, men her må vi reinske ut nokre akademikar-ord. Veit de kva av dei orda han sa som vekker flest fordommar mot akademikarar?, spør Nyhamn salen.
– Kritisk, kanskje?, foreslår nokon.
– Ja. På universitet er dette positivt men andre stader kan dette bli oppfatta som eit negativt ord. Kva seier eigentleg kritisk? Kan de finne eit anna ord for det samme?
– Kva med nyansert. Å kunne sjå ting frå ulike sider?, prøver nokon seg.
– Ja. Merkar de kor mykje betre det høyrast ut i ein søknad?
Jo. Ja. Salen kan gå med på det.
Søk uansett
Eit eksempel på ei stillingsannonse kjem opp på powerpoint.
– Om ein jobb du har lyst på vert utlyst, les annonsa nøye og send søknad, seier Nyhamn.
Ein av deltakarane klagar over at det ofte er krav om erfaring i annonser, noko som er vanskeleg for nyutdanna.
– Vurder å søkje likevel. Om du er trygg på at du kan greie jobben, kan det godt hende du får den, svarar kursleiaren.
Ei anna hand kjem i veret.
– Skal eg skrive det i søknaden då? Det at eg ikkje har alle kvalifikasjonar, men trur eg kan få til jobben.
– Nei, som hovudregel skal du syne kva du kan. Ikkje kva du ikkje kan, er svaret frå Nyhamn.
Akademikarar treng visst å få det inn med sølvskei.
Den store prøven
Mot slutten av kurset kjem den store prøven. Alle skal skrive om eigenskapane, dugleiken, kunnskapen og motivasjonen sin. Tre punkt på kvar.
– Bruk kva vi har snakka om. Du kan mykje. Berre set ord på det, motiverar kursleiar Nyhamn.
Rommet vert merkeleg stille. Nokre tygg på pennen sin. Det her var visst litt verre. Fleire må få kursleiaren bort til seg.
– Kva var skilnaden på kva eg er god til og kva som kjenneteiknar meg att? Kva er det eg bør framheve?
Nokre ark byrjar å fylle seg opp. Når folk skal presentere for gruppene sine kva dei kan, snik ordet «litt» seg inn stadig vekk.
– Eg syns eg er litt flink til ... Eg kan litt om ...
Nyhamn smiler.
– – Vi akademikarar øver oss på å være kritiske, og endar opp med å vere mest kritiske mot oss sjølve. Det er den vonde fetteren til all fagkritikken vi lærer.
Før kurset er heilt ferdig kjem han med eit siste godt råd til studentane etter å ha fullpakka dei med motivasjon, pågangsmot og stå på-vilje dei siste tre timane.
- Du vert lettare tilgjeven for å vere frisk enn keisam.
– Du vert lettare tilgjeven for å vere frisk enn keisam. Køyr på i søknaden, kom på intervju og få jobben.