UT PÅ TUR: Giti Carli Mohn er ein av fem statsvitskapsstudentar som reiser til Istanbul på fredag.

Slit med studentengasjement

Mange studentorganisasjonar strevar med å vekke studentengasjementet. Av 1300 inviterte statsvitskapsstudentar meldte berre fem seg på ein nærast gratis konferanse i Istanbul.

Publisert Sist oppdatert

– Eg melde meg på fordi det verkar som ein super måte å verte kjend med Tyrkia på, seier statsvitskapsstudent Giti Carli Mohn.

Fredag er ho ein av fem som reiser til Istanbul for å delta på ein internasjonal konferanse om økonomi, kultur og samfunn i Tyrkia. Alt ho treng dekke sjølv er 40 euro og flyreisa. Alle dei 1300 studentane på statsvitskap vart invitert, men berre fem meldte seg på. Likevel er Luisa Book, leiar i The International Association for Political Science Students (IAPSS), som formidla plassane på seminaret til statsvitskapsstudentane, nøgd med påmeldinga.

– Vi har ikkje sendt så mange før, så vi er eigentleg godt nøgde med å få med fem, til trass for at vi kunne sende så mange vi ville, fortel ho.

Book trur grunnen til at ikkje fleire ut av 1300 inviterte meldte seg på, mellom anna skuldast kort frist. Opphaveleg var den berre to dagar, men vart utvida til ei veke.

Fleire slit

IAPSS er ikkje aleine om å slite med å engasjere studentar. Norway Model United Nations Society (NorMUN) som formidlar plassar til norske studentar i Modell-FN arrangert rundt i verda, har òg opplevd få søkjarar.

– Vi hadde 20 plassar, men berre søkjarar til 14 då det vart arrangert WorldMUN i Genève i vår, fortel president i NorMUN, Line Håland Aaltvedt.

Leiar Hilde Jørgensen i FN sitt studentforum fortel òg om problem. Etter dei innførde 50 kroner i medlemsavgift gjekk dei frå 260 medlemmer til omlag 30.

– I byrjinga var ein medlem berre ein trykka på ein link i ein e-post og skreiv inn namnet sitt. I det ein må gå inn i nettbanken og betale femti kroner, er det litt meir som krevjast av medlemmene. Og det er nok ikkje pengane det står på, trur Jørgensen.

Anders Stedding Kristiansen, utval- og prosjektansvarleg i Studentforeningen ved Handelshøgskolen BI i Oslo (SBIO), fortel at studentorganisasjonane på BI også slit med å rekruttere studentar til organisering av utanomfaglege arrangement. Derimot møter studentane opp når ting er ferdig arrangert.

– Dei vil vere med på moroa, men ikkje organiseringa, seier Kristiansen.

– Auka engasjement

Luisa Book trur likevel ikkje låg påmelding er eit teikn på at studentar ikkje vil engasjere seg. Ho får støtte av leiar i fagutvalet på statsvitskap, Anders Jupskås.

– Eg vil heller sei at engasjementet har gått opp, seier Jupskås.

Han syner til det statsvitskapelege aktualitetssymposiet der 800-900 studentar møtte opp, og kor fleire av arrangementa var heilt fulle.

Jupskås trur likevel at markedet for studentorganisasjonar på Universitetet i Oslo kan vere metta.

Han får støtte frå Hilde Jørgensen.

– Tilbodet til studentane er stort, og ein vert ofte utkonkurrert. Det tek ikkje lange tida frå ein har hengt opp ein plakat, før nokon har hengt ein ny over, seier ho.

Giti Carli Mohn trur mange studentar, og då særleg førsteårsstudentar har ein høg terskel for å søke om plass på seminar lik det ho skal på i Istanbul.

– Mange av medstudentane mine sa at dei kunne tenkje seg å reise, men vurderte ikkje eingong å sende søknad. Dei kjende vel at det var mykje å setje seg inn og, at dei ikkje hadde nok forkunnskapar, seier ho.

Powered by Labrador CMS