Frustrert: Agyad Alhamwi (33) meiner systemet sviktar studentar i hans situasjon.

Skreiv arabisk på arabisk-eksamen og strauk:

– Føler det er systemet som styrer, og ikkje fornufta

Agyad Alhamwi (33) svarte på arabisk i ei deloppgåve på arabisk-eksamen, sjølv om oppgåva kravde eit svar på norsk eller engelsk. Det kosta han eit heilt år av bachelorgraden.

Publisert Sist oppdatert

På veggen til Alhamwi i Kringsjå studentby heng det bilete av syriske og palestinske poetar, aktivistar og forfattarar. Elles er hybelen fylt med bøker på arabisk, norsk og engelsk.

Alhamwi kom til Noreg som asylsøkjar frå Damaskus i Syria for sju år sidan, og har sjølv arabisk som morsmål. No studerer han Midtausten-studium med arabisk ved Universitetet i Oslo (UiO). Men under ein språkeksamen i vår, møtte han ei uventa hindring.

Eksamen i «Arabisk B», andre del av språkundervisinga på arabiskprogrammet, er delt i fire delar, og krev at studenten består kvar enkelt del for å få ståkarakter på heile eksamen. Ei av deloppgåvene skulle svarast på på norsk eller engelsk. Alhamwi svarte på arabisk. Dermed strauk han på heile eksamen, og må vente heilt til neste vår før han kan ta faget på nytt.

— Eg er i praksis utvist frå å studere arabisk i eitt år, seier han. — Eg er voksen student. Eg har ikkje like mykje tid som dei nye studentane, og eg har allereie mista mange år.

Les også: Sensur falt dagen før konte­ek­samen: –⁠ Et stort problem

Bokstavtru tolking

Alhamwi peikar på at han jo beviste på eksamen at han har arabiskkompetanse, og meiner at dei tilsette burde vist skjønn.

Etter han hadde fått sensuren, tok han kontakt med Institutt for kulturstudier og orientalske språk (IKOS) for å høyre om dei kunne finne ei løysing. Der var det ingen hjelp å få.

— Føler du deg urettferdig behandla?

— Ja. Eg føler at det er systemet sjølv som styrer, og ikkje fornufta, at dei enkelte tilsette ved instituttet ikkje får meine noko sjølv, seier han og legg til:

— Dei tolkar reglane for bokstaveleg, og klarer ikkje å gjere særskilde vurderingar eller setje seg inn i enkeltsituasjonar.

–⁠ Eg er i praksis utvist frå å studere arabisk i eitt år. @sitatbyilne: Agyad Alhamwi (33), arabisk-student ved UiO.

Les også: UiO har forbin­delse til selskap som opererer på Vest­bredden: –⁠ Proble­ma­tisk

Prinsipp om likebehandling

IKOS peika på at det er faglege grunnar til å svare på norsk eller engelsk på eksamen, og at å bestå arabisk B er eit absolutt krav for å gå vidare til arabisk C. Universitas har sett e-postutvekslinga med instituttet.

— I eksamensoppgåva står det eksplisitt at svaret skal vere på norsk eller engelsk, seier Rune Svarverud, instituttleder ved IKOS, på telefon til Universitas. Det er eit studium for å lære seg, omsetje, analysere og formidle arabisk på eit vestlig språk, ikkje ein test berre for å måle språkkompetanse på arabisk.

Hanne Skramstad, studieleiar ved IKOS, har følgt saka frå byrjinga, og er samd med Svarverud i at arabisk ikkje berre handlar om å kunne arabisk. På telefon til Universitas seier ho: — Denne saka blei vurdert særs grundig. Klagekommisjonen sette òg oppgåva til stryk.

Ho peikar på at universitetet har eit prinsipp om likebehandling av studentar, og meiner at å gi studenten høve til å halde fram med språkundervisninga til hausten, hadde vore eit brot på dette prinsippet. — Det hadde vore forskjellsbehandling mellom han og dei andre som strauk. Vi er opptatte av at alle studentar skal bli vurderte på likt grunnlag, legg ho til.

Les også: Jørgen Hammer Skogan er ny leder for Student­par­la­mentet ved UiO

Universitas presiserer: I ei tidlegare utgåve av denne saka, publisert 11.08.21, står det at Alhamwi kom til Noreg for 20 år sidan. Det korrekte er at Alhamwi kom til Noreg for sju år sidan. Dette er no retta opp i nettutgåva. Universitas beklagar feilen.

Powered by Labrador CMS