UNIVERSITAS: 12.SEPTEMBER 2007

Jusstudentar i eksamensklemme

Frå og med våren 2008 mister jusstudentar retten til utsett eksamen. Tapet for den einskilde studenten kan bli over 200 000 kronar.

Publisert Sist oppdatert
MOTSTAND: Studentrepresentantane (frå venstre) Sigurd Berg, Aksel Hillestad og Tonje Forså Aas stemte mot framlegget om eksamenskutt. Det gjorde også varamedlem i fakultetsstyret Kjersti Ericsson (til høgre.)

– Det er innmari drastisk å kjøre dette nedover hovudet på oss, seier nestleiaren i Juridisk studentutval (JSU), Aksel Hillestad.

I eit møte sist torsdag vedtok fakultetsstyret ved Det juridiske fakultet (JUS) at studentane ved 1., 2. og 5. avdeling ikkje lenger skal ha rett til utsett eksamen. Hillestad stemte mot framlegget, saman med JSU-leiar Tonje Forså Aas og studentrepresentant Sigurd Berg.

Tung sparekniv

JUS har hatt nedgang i inntekter basert på avlagte studiepoeng, og må derfor kutte i budsjetta. Ved å slutte å tilby utsett prøve, reknar dei med å spare 400 000 i året. Hillestad seier han har forståing for den vanskelege situasjonen som fakultetet er i, men synes dei kutta som no er gjort i for stor grad skjer på kostnad av studentane.

– Alle andre stader i samfunnet har ein sterke rettar dersom ein blir sjuk. Her må ein berre halde pusten og vente eit semester, og i tillegg få beskjed frå fakultetet om at «dei problema du får med Lånekassa er ikkje vårt problem.»

Konsekvensen av vedtaket vil vera at studentar berre får høve til å ta eksamen ein gong per halvår, uansett årsak til manglande oppmøte på eksamensdagen. I praksis vil dette føre til eit halvt års forseinking, meiner Tonje Forså Aas.

– Du har ikkje sjans til å lesa parallelt på to avdelingar på grunn av den store pensummengda, seier ho.

Hillestad peikar i tillegg på at vedtaket vil ramme dei svakaste studentane hardast.

– Dette vil gå ut over dei som er sjuke over lengre tid og dermed har mindre lesekapasitet, seier han.

Store pengetap

Eksamensseksjonen ved JUS opplyser at mellom 30 og 40 studentar gjennomfører utsett prøve kvart semester på 1. og 2. avdeling. Det økonomiske tapet for desse studentane kan bli betydeleg.

Dersom ein blir sjuk på eksamensdagen, og dermed eit halvt år forseinka i studieløpet, vil ein ende opp med 41 450 kroner ekstra i studielån, med dagens lånekasseregelverk. I tillegg kjem tapet av eventuell arbeidsinntekt. Juristforbundet har rekna ut at gjennomsnittsårsinntekta blant juristar som var ferdigutdanna hausten 2006 er 343 636 kroner. Det samla tapet for ein einskildstudent kan bli så høgt som 213 268 kroner.

– Svært dårleg

– Ein skulle gått til sak, seier jusstudent Anette Angelsen.

Ho rasar over det som har skjedd og eventuelle konsekvensar, og meiner det er svært dårleg av fakultetet. Det sluttar også jusstudent Bjarte Wivestad Engesland seg til, men han trur hovudproblemet ligg i sjølve finansieringsmodellen.

– Når finansieringa skal avhenge av studieframdrifta til studentane blir det for ustabilt, seier Wivestad Engesland.

Han skulle heller ønskje at fakultetet fekk større basisløyvingar, uavhengig av gjennomstrøyminga til studentane.

– Det blir gale å nytte ein forretningsmodell på universitetet, meiner 4. avdelingsstudenten.

– Slett budsjettstyring

Rektor på Universitetet i Oslo (UiO) Geir Ellingsrud, seier han ikkje kjenner innhaldet i saka godt nok, og at han derfor ikkje vil kommentere vedtaket.

Thomas Tallaksen, universitetsstyrerepresentant for Studentparlamentet og medlem av Venstrealliansen, ønskjer heller ikkje å seia noko om dei konkrete kutta, men rettar generell kritikk mot fakultetet.

– Det er openbart slett budsjettstyring som gjer at dei har hamna i denne situasjonen, hevdar han.

Det har ikkje lukkast Universitas å koma i kontakt med dekanatet på JUS for ein kommentar til denne påstanden. Både dekan Jon T. Johnsen og prodekan for studiar, Finn Arnesen sit i fakultetsstyret på JUS, og stemte for framlegget om kutt i retten til utsett eksamen.

Felles regelverk

Juridisk fakultet ved Universitetet i Tromsø (UiT) tilbyr, på visse vilkår, utsett prøve til alle studentar. Forskriftene for UiT pålegg alle fakultet å tilby utsett eksamen, mellom anna til akutt sjuke studentar. Tallaksen er ikkje framand for at felles reglar for fakulteta blir innført også på UiO.

– På eit generelt grunnlag kan det vera noko å diskutere, seier han.

– Kunne du tenke deg å fremje eit slikt framlegg for Universitetsstyret?

– Ja.

Powered by Labrador CMS