
Kritiserer ukultur i studentparlamentet
Kvinner og ikkje-binære er systematisk underrepresenterte i Studentparlamentet ved UiO, mener Toppkandidaten til Vensrealliansen.
Etter val av studentparlament ved Universitetet i Oslo er det ti kvinner blant 27 representantar. Seks av desse er plasserte etter sjuandeplass på listene.
– Kvinner og ikkje-binære blir konsekvent plassert lågare. Det betyr at færre får reell moglegheit til å påverke, seier Arthur Sickinghe Kleis frå Venstrealliansen
. Valoppgjeret viser at det i 2024 var 12 av 26 kvinner i parlamentet, året før var det berre 10 av 26.
– Over 60 prosent av studentane ved UiO er kvinner. Parlamentet speglar ikkje dette. Det er eit demokratisk problem.
– Eg fekk faktisk sjokk
Juni Helene Alicia Sol Romero y Cordero Berg-Nielsen frå Grøn Liste vart mildt sagt overraska då ho fekk sjå kjønnsbalansen i Studentparlamentet på nært hald.
– Eg fekk faktisk eit lite sjokk. Eg hadde sett for meg at det skulle vere fleire kvinner, kanskje til og med at det var kvinnedominert. Men det var det langt ifrå, seier ho.
Det var overraskande at Parlamentet ikkje var kvinnedominert
Juni Helene Alicia Sol Romero y Cordero Berg-Nielsen, Grøn Liste
Likevel meiner ho at løysinga ikkje ligg i store strukturendringar, men i noko ganske enkelt: vilje.
– I Grøn Liste hadde vi 70–80 prosent kvinner på lista. Det handlar om å vere bevisst, og faktisk gjere jobben med å rekruttere. Det er fullt mogleg, det krev berre at ein tek det på alvor, fortel Berg-Nielsen
– Kvinnelege kandidatar blir stemt ned

22. mai skal Studentparlamentet velje nytt arbeidsutval. Av de som ønskjer plass i universitetsstyret er det berre to kvinnelege kandidatar, men seks menn.
Kleis meiner hinderet ligg i korleis kandidatane blir rangert og personstemt.
– Sjølv om kvinnelege kandidatar står høgt på lista, ser vi at dei ofte blir flytta ned av personstemmer. Det skjer ikkje med menn i same grad. Det seier noko om haldningar og strukturell skeivheit.
Han meiner konkrete grep må til.
– Eit godt første steg hadde vore eit krav om at minst to av dei fem øvste på listene skal vere kvinner. Det treng ikkje vere ei hard kvote, men det sender eit viktig signal om like moglegheiter.
Ukultur
Kleis peiker òg på korleis ansvar og merksemd fordelast skeivt.
– Kvinner får sjeldnare ansvar og blir mindre synlege i media. Når Universitas eller andre skriv om parlamentet, er det som regel menn som uttaler seg. Det forsterkar ei ulik maktfordeling.
Han meiner dette heng saman med ein ukultur i arbeidsmiljøet.
– Det finst ei stilltiande toleranse for hersketeknikkar, personlege konfliktar som får gå sin gang, og lite fungerande varsling. Det verkar negativt inn på kven som orkar å vere med.
– Ein lukka politikarkultur
Sjølv om møta i Studentparlamentet formelt er opne for publikum, meiner Kleis at terskelen for å delta er høg.
– Det er mykje teknisk språk, sakshandsaming og lukka struktur. Du må kjenne systemet for å forstå kva som skjer. Det blir ei typisk norsk «innegruppe», seier han.
Han etterlyser meir aktiv innsats for å gjere parlamentet tilgjengeleg for studentmassen.
– Det finst ingen arenaer for å møte den gjennomsnittlege studenten utanom valet. Vi burde ha jamnlege, opne arrangement og kommunisere meir aktivt kva vi faktisk driv med. Møta våre er opne, men det veit ikkje folk, og vi inviterer ikkje godt nok inn.
Kleis meiner også at Universitetet i Oslo heng etter i dei store samfunnsdebattane.
– Internasjonalt har det vore mykje debatt om kjønnsroller, mangfald og rasisme.
Men på UiO blir det sjeldan teke opp. Vi treng ein meir aktiv samtale om makt og representasjon, ikkje berre i parlamentet, men på heile universitetet.
Det finst ingen arenaer for å møte den gjennomsnittlege studenten utanom valet
Arthur Sickinghe Kleis, Venstrealliansen
Sterk drikkekultur
Ifølgje Kleis er det berre éin type sosial aktivitet for parlamentet som blir prioritert: å gå på bar.
– Det blir ikkje sagt direkte at du må drikke, men det finst heller ingen alternativ. Om du ikkje drikk, eller ikkje trivst i den typen miljø, så fell du fort utanfor.
Kleis meiner dette er ein del av eit større problem:
– Parlamentet framstår som ein lukka arena, både sosialt og politisk.
Berg-Nielsen har ikkje opplevd det sosiale miljøet som ekskluderande.
– Å pilse litt etter møta er ein naturleg del av studentlivet for mange. Eg har ikkje opplevd noko press eller ein kultur som stenger folk ute, seier ho.
Men ho er tydeleg på at det ikkje betyr at ein skal la vere å ta opp viktige spørsmål.
– Vi må likevel snakke meir om mangfald og kjønnsbalanse. Det handlar ikkje berre om representasjon på papiret, men om kven som faktisk kjenner at dei har ein plass. Vi må sørgje for at fleire ulike typar menneske kjenner seg heime i studentdemokratiet, seier Berg-Nielsen.
– Vi når ikkje ut
Leiar for Studentparlamentet, Sondre Mattias Klungland, seier at det ikkje finst formelle krav til kjønnsbalanse i samansetjinga av parlamentet. I arbeidsutvalet er det eit krav om kjønnsbalanse når det skal bli valgt universitetsstyrerepresentant. Elles kan det veljes fritt, men både valkomité og medlemmer prøver å etterstrebe betre representasjon.
– Vi ønskjer kjønnsmangfald, og vi prøver verkeleg å få fleire kvinner til å stille, seier Klungland, som peiker på at listene og personstemmer påverkar kven som til slutt kjem inn.
Han meiner fleire av utfordringane handlar om rekruttering og synlegheit:
– Vi prøver å vere til stades for studentane. Vi står på stand, er i introduksjonsforelesningar og til og med på do, for å vise at vi er her. Men det er framleis vanskeleg å nå ut til mange, og det er ei utfordring både lokalt og nasjonalt, seier han.
Når det gjeld debatten om drikkekultur, erkjenner han at både Kleis og Berg-Nielsen har viktige poeng, men understrekar at Studentparlamentet jobbar for å normalisere alkoholfrie møtepunkt.
– Vi kallar det «møtebrus». Det står i vedtektene at det skal vere ein trygg, inkluderande politisk kultur med rom for meiningsmangfald, avsluttar Klungland.