HENTET FRA: Student-TV ved NTNU.

Studentmedium spøker med skulemassakre

Student-TV i Trondheim nyttar skyteepisoden i Finland i eit humorinnslag. Det får Norsk Presseforbund til å tenkje på Muhammed-tilstandar.

Publisert Sist oppdatert

– Eg meiner bestemt at dette er god satire og ikkje meiningslaus harselas med ei tragedie, seier ansvarleg redaktør i Student-TV, Egil Ask Hagerup, til Adressa.no. Student-TV ved Noregs Teknisk Naturvitskaplege Universitet i Trondheim hadde sendt eit satirisk innslag, tydelege inspirert av skulemassakren i Finland.

Hagerup ønskte, ifølgje nettstaden, å setja søkelys på den kyniske bruk av vald i spelbransjen. Generalsekretæren i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, gir ei forsiktig åtvaring mot denne typen verkemiddel.

– Det er sjølvsagt legitimt å drive satire på spelbransjen. Men det er klart at dette er eit kjenslevart område like etter skulemassakren, seier han til Adressa.no.

Han dreg parallellar til andre saker som har vekt sterke reaksjonar.

– Det er berre å tenkje på Muhammed-teikningane til Jyllandsposten. Det var jo først og fremst ei satire over folk som drep i profetens namn, men for den som ønskjer å misforstå, er det lett å seia at det var noko heilt anna, poengterer han.

I innslaget til Student-TV opptrer «spelprodusenten» i selskapet «Kill your friends» som kommentator. «Vi kjem ikkje til å trenge fengsel meir, fordi du kan gjera kva du vil. Du får dekt behova dine. Dette kjem til å skape produktive samfunnsnyttige borgarar», er det han har å melde. Førsteamanuensis ved Institutt for kunst og medievitskap, Anne Gjelsvik, tek det likevel med ganske stor ro, ifølgje nettartikkelen.

– Det er grunn til å tru at det ligg eit ønske til grunn om kjendisstatus, knytt til skulemassakrane. Dette gir kanskje ein sterkare effekt enn dataspela, og slik eg ser det kunne eit slikt utgangspunkt gitt både ei meir hardtslåande og original satire, meiner ho.

Powered by Labrador CMS