MUGGENT LIV: Irene Beate Sørvik og Vegard Malme måtte flytte ut grunna mugginvasjon.

Studentar tvingast ut

Fuktskadar gjer at bebuarar må flytte ut frå studentsiloen på Grünerløkka.

Publisert Sist oppdatert

Mugg

  • Muggsopp er ei gruppe hurtigveksande mikroskopiske soppar.
  • Muggsopp kan gje misfarging, lukt eller helseproblem.
  • Muggsopp førekjem naturleg utandørs på alle typar av fuktig organisk materiale.
  • Optimale tilhøve for mugg er ved ein temperatur på omlag 20 grader og ein relativ luftfuktleik på over 95 prosent.
  • Teikn på mugg er muggvekst på overflater, mugglukt, allergireaksjonar og andre helsemessige plager.
  • Mange muggskadar er lite synlige på overflata.
  • Kjelde: www.mycoteam.no

– Då vi kom attende frå ferie i midten av august såg vi at det rann vatn på veggen og frå taket, fortel kjærasteparet Irene Beate Sørvik og Vegard Malme.

Dei har sidan slitt med fukt- og muggskadar i leilegheita si i Grünerløkka studenthus, og kjend som siloen. Vatnet heldt fram å renne, og etterkvart avdekka store skadar seg. Sopp vaks overalt og møblar i leilegheita vart øydelagd av fukt og råte.

– Først 21. september fekk vi tilbod om ein anna leilegheit, etter å ha nekta å fortsetje å bu i den vi budde i grunna lukt og soppspor, fortel Malme.

I ettertid har det synt seg at prøver tatt i leilegheita den dagen syner ei unormal spreiing av muggsopp i innelufta. Prøvane vart utført av Mycoteam, eit fukt- og muggekspertfirma, som har fått i oppdrag å undersøkje tilhøva i siloen. Basert på prøvar frå 21. september kom dei med ein rapport der lufttilhøva i leilegheita vert erklært uakseptable.

Ventar på svar

Leilegheita paret fekk tildelt nokre etasjar opp var mindre enn den dei opphavleg hadde, men dei vart lovd at dei skulle få flytte attende til den store så snart den vart ordna. Første månaden måtte dei betale same leige som før, og dette tykkjer dei er provoserande.

– Vi har sendt SiO eit fire sider langt brev om korleis skadane har utvikla seg, seier paret.

Slik det er no betalar dei omlag 20 kroner meir per kvadratmeteren enn dei gjorde i den store leilegheita. I fire veker har dei prøvd å forhandle seg fram til ein lågare pris. Svar på om det har ført fram kjem først seinare denne veka.

– Det er feil om vi skal tape økonomisk på dette. Vi meldte frå tidleg, men SiO har venta lenge før dei har kome med reelle tiltak. Det tok lang tid før dei i det heile registrerte skadane, fortel Malme.

Lekkasje frå innebygde cisterner

– Her er det berre å beklage om bebuarane har hatt ein negativ oppleving av situasjonen. Vi vil ta best mogleg vare på dei som bur i siloen, seier Tom Olstad, direktør for studentbustadane i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO).

Han fortel at i sju av leilegheitene har der vore så uforsvarlege tilhøve at bebuarane har vorte flytta til alternative bustadar,

Olstad presiserar at dette er noko dei tek på alvor, og skal prøve å rette opp att i så fort som råd. Han lovar og at full kompensasjon til dei bebuarane som har vore råka av verknadane skal kome, men at dette først kan kome når skadane er fullt utgreia. Direktøren fortel at det er lekkasjar frå toalettcisterner som er årsaka til skadane. Cisternene i Grünerløkka studenthus er innebygde i baderomveggen, og har ved nokre høve byrja å lekke og ført til fukt. Olstad fortel at det første tilfellet vart rapportert av ein bebuar, og at SiO etter det byrja undersøkje nærare. Etter at der vart avdekka fleire fuktskadar, byrja dei tidleg i oktober å gå systematisk gjennom leilegheitene i samarbeid med Mycoteam.

Meir mugg

Fleire av bebuarane i siloen vart råka av muggproblemet.

– Det utvikla seg mugg som snart dekka delar av veggen, seier Silje Sund.

Ho budde i siloen saman med kjærasten sin då muggsoppen dukka opp i leilegheita.

– Det var ved skiljeveggen der kor senga står. Det var ekkelt og lukta vondt, seier ho.

Sund tok kontakt med SiO, og fortel at dei fekk nokon til å vaske over det heile – til inga nytte. Muggen dukka opp att. For litt sidan flytta Sund og kjærasten ut, men utflyttinga var for ordens skyld planlagd før muggsoppen dukka opp.

Vanskeleg å sjå omfanget

Rådgjevar hos Mycoteam, Ole Erik Carlson, har hatt ansvar for arbeidet i siloen. Han fortel at dei er i gong med utgreiingar som vil vere ferdig om to-tre veker.

– Vi må sjå kva resultat vi kjem fram til då. Sidan skadane kjem av cisterner som er bygd inn i veggen kan det vere vanskeleg å sjå omfanget skikkeleg. Vi tek prøver i alle leilegheitene og må sjå på resultata av dei, forklarar Carlson.

I nokre av leilegheitene kor dei fann fukt og mugg har cisternene vore bytta ut, og der har målingar synt at tilhøva har betra seg.

Carlson trur heller ikkje det vil vere noko problem å rette opp i skadane.

– Vi må sannsynlegvis gjere nokre opningar i veggar for å rette opp i det, men det er fullt mogleg å ordne. Nokre reagerar veldig på mugg, medan andre nesten ikkje reagerar i det heile. Det viktigaste er å bevare eit godt innemiljø for bebuarane, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS