
Rotlause studentar
Språkstudentar kjenner ikkje tilhørsle til programmet sitt, og saknar meir informasjon om kva dei kan nytte utdanninga til.
Ei ny kvalitativ undersøking av Språkprogrammet ved Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Oslo (UiO) syner at studentane i lita grad kjenner tilhørsle til studieprogrammet sitt. Språkstudentane finn ikkje fram til informasjonen dei treng, saknar vegleiing om kva dei kan nytte utdanninga si til, har ikkje kunnskap om fakultetet si oppbygging, og dei manglar kull- og klassekjensle. Samtidig seier alle informantane at det sosiale miljøet er avgjerande for trivselen på programmet. Resultatet er at mange fell frå.
– Resultata frå undersøkinga samsvarar i høg grad med observasjonar vi har gjort sjølve, seier Gro Bjørnerud Mo, studiedekan ved HF.
To av fem fell frå
Bakgrunnen for undersøkinga var ei fråfallsundersøking frå 2006 som synte at to av fem studentar ved HF sluttar etter eitt år. Tala vart den gongen omtala som dramatiske. For å få eit meir nyanserte bilete av bakgrunnen for tala, initierte fakultetet kvalitative undersøkingar. Det er resultata av dei som ligg føre no.
– Vi har vald å sjå på språkprogrammet sidan det er det største ved HF. Programmet har stort fråfall, og vi vil vite kva som er grunnen til dette, seier Bjørnerud Mo.
300 studentar vert teke opp til programmet årleg, og 721 har aktiv studierett på bachelorprogrammet som heilskap.
Faktorar ved fråfall

Undersøkinga er gjennomført av studentane Lotte Vamnes Grinna, Cathrine Skandsen, Navnit Kaur Pahil og Odd Egil Solås som del av Prosjektforum ved SV denne våren.
– Vi har undersøkt informasjon, oppfølging og vegleiing og sosial tilhørsle til programmet, for å sjå kva som er viktig når ein student vel å slutte på eit program. Undersøkinga tyder på at få av studentane identifiserer seg med studieprogrammet, men heller med språkretninga dei har vald, forklarar Skandsen.
– Vi har funne at alle tre komponentane heng tett saman, seier Vamnes Grinna.
Finn ikkje informasjon
Undersøkinga syner at studentane tykkjer det er vanskeleg å finne informasjon.
– Vi ser at mange studentar strevar, særskild i oppstartsfasen, med å få tak i informasjonen dei vil ha. Informasjonen fins der ute, men den kan vere for vanskeleg å finne fram til, seier Bjørnerud Mo.
I rapporten vert det mellom anna trekt fram eit sitat frå ein av informantane.: «Jeg syns det har fungert etter hvert, men det var veldig vanskelig i begynnelsen å finne ut av ting, nettsidene var et fullstendig kaos».
Lite arbeidslivsrelevans
Undersøkinga syner og at studentane saknar informasjon om arbeidslivsrelevans for utdanninga.
– Men her ser ein og at mange av studentane ikkje har delteke på karrierearrangement retta mot dei. Undersøkinga tyder på at tiltaka ikkje når heilt fram til studentane, seier Bjørnerud Mo.
– Det her handlar om informasjon att. Eit godt eksempel er at mange av studentane seier dei kan tenkje seg å delta på kompetansesamtalar, men dei veit ikkje kor dei kan vende seg for å få dette, supplerer Vamnes Grinna.
Tiltak alt sett i verk
Undersøkinga tilrår HF å klargjere kva delar av studiet instituttet har ansvar for, og kva programmet har ansvar for, slik at studentane skal vite kven dei skal vende seg til.
– Dette er tilrådingar vi tek til oss, og som vi alt er i gong med. Spørsmålet er om vi har den beste organiseringa på bachelorprogrammet. Organiseringa av desse studia er ein av hovudutfordringane våre. Vi har jobba med det for fullt i 2008, og satsar vidare i 2009, seier Bjørnerud Mo.
– Etter undersøkinga i 2006 sa du at eit av tiltaka som kan bidra til færre avhopparar var ei strammare fastlegging av studieprogramma. Underbyggjer den nye undersøkinga dette?
– Det er alt lagt opp til eit fastare løp for bachelorstudentane i språk, noko vi ikkje har sett endelege resultat av. Den nye undersøkinga rører ikkje dette punktet, slik eg les ho, seier Bjørnerud Mo.
Studentane bak undersøkinga trur HF har store utfordringar i møte, men at dei er handterlige.
– Heilskapsinntrykket vårt er at dette er mogleg å løyse. Alle informantane sa dei var fagleg nøgde med studiet, noko som tyder på eit enormt potensiale til å lage eit godt språkstudie. Problemet ligg i organseringa, avsluttar Vamnes Grinna.