Ekte interesse: Ledar for Studentparlamentet ved UiO, Jørgen Jammer Skogan, og ledar for Norsk Studentorganisasjon, Tuva Todnem Lund, meiner at engasjementet i studentpolitikken er genuint.

Vil du bli rådgjevar? Bli studentpolitikar!

Sjølv om eks-studentpolitikarar vert alt frå styreleiarar til prestar, er éin yrkesveg overrepresentert. Det er uproblematisk, meiner dagens studentleiarar.

Publisert Sist oppdatert

Kvart år er det eit nytt kull med studentpolitikarar som takkar for seg og går vidare i livet. Sjølv om eit toppverv i studentpolitikken sikkert kan kjennast som ein peak i livet, kjem det òg ei tid etter det. Men kva skal ein eigentleg finne på når ein er ferdig i studentpolitikken? Universitas har saumfart Linkedin og Facebook og sett på kva leiarane for Norsk studentorganisasjon (NSO) og Studentparlamentet ved UiO dei siste 25 åra gjer i dag.

9 av 11 vart rådgjevar

Frå 1997 til 2021 har UiOs studentparlament, NSO og føreløparane til NSO, Norsk studentunion (NSU) og Studentenes landsforbund (STL), hatt til saman 58 leiarar. Blant dei er det rimeleg stort spenn i kva dei har endt opp med å velje som karriere. Men, blant to prestar, to som har døydd og eit par som har starta eigne selskap, er det nokre karrierevegar som skil seg ut.

30 stykk, altså over halvparten, av dei tidlegare studenttoppane, har i dag arbeid i forvalting og anna offentleg sektor, og i politikken eller organisasjonar. I den gruppa er det rett nok ei breidd i type stillingar; det finst alt ifrå høge embetsstillingar til kommunetilsette. Fem stykk er rådgjevarar eller direktørar i departementa og direktorata, fire er rådgjevarar for parti eller partigrupper på Stortinget eller i kommunestyre, og seks har leiarstillingar eller er rådgjevarar i organisasjonar.

På same tid er det sju stykk, eller tolv prosent, av dei tidlegare studentleiarane som har posisjonar i privat næringsliv.

Av dei elleve føregåande leiarane for Norsk Studentorganisasjon er det berre to stykk som ikkje innehar ei rådgjevarstilling i dag.

– Ikkje problematisk

Universitas har tatt ein prat med dei to noverande studentleiarane og høyrt kva dei meiner om tala.

– Eg tenkjer med ein gong at det er svært interessant at så mange går vidare til forvalting og offentleg sektor.

Det seier Jørgen Hammer Skogan, som er leiar for Studentparlamentet ved UiO. Han meiner at det ikkje er særleg mykje å meine om tala, og at det heller ikkje er problematisk.

– Det kan sikkert vere eit springbrett for somme, men eg er sikker på at for dei aller fleste er engasjementet i studentpolitikken genuint, og at det er det engasjementet ein tek vidare i arbeidslivet.

– Ein kan òg sjå det frå andre sida: Hadde det vore overvekt av tidlegare studentpolitikarar i privat sektor, så hadde det vore problematisk. Det er jo høge lønningar og makt der òg.

Han får støtte frå Tuva Todnem Lund og Norsk Studentorganisasjon. NSO-leiaren seier det gjer meining at mange går til det offentlege og politikken:

– Slike typar verv og stillingar i studentpolitikken er veldig lærerike, og dei gjev gode erfaringar til stillingar som dei som finst i offentleg sektor. Men det er veldig interessante tal.

Båe to meiner òg at tala tyder på at tillitsvalde i studentpolitikken er folk som har stor interesse og engasjement for samfunnet.

– Eg trur det seier noko om at dei som engasjerer seg og stiller til verv er folk med ein viss type engasjement i samfunnet. Det er jo ikkje rart at studentpolitikarar også engasjerer seg i anna politikk, er Skogan tydeleg på.

– Eg trur det seier mer om kva ein lærer og kva ein tar med seg på vegen. Men det er jo ikkje tvil om at man må ha eit stort engasjement i studentpolitikken, seier Lund.

Offentleg sektor på topp: Slik er fordelinga i ulike sektorar blant dei tidlegare leiarane i Studentparlamentet ved UiO.

Eit springbrett?

Studentpolitikken har med jamne mellomrom vorte skulda for å vere eit springbrett inn i den vaksne politikken eller toppstillingar i offentleg sektor eller organisasjonar. Men båe studenttoppane er klåre på at engasjementet i studentpolitikken, det er genuint.

– Eg skal ikkje spekulere i om nokon bruker det bevisst som karrierevei, men eg kan ikkje utelukke det. Det er jo mykje arbeid i studentpolitikken. Eg trur ikkje ein hadde halde ut om ein ikkje brann for det, slår Skogan fast.

– Eg trur studentpolitikken er ein lærerik arena som gjev nyttig erfaring ein kan ta med seg vidare, og eg skulle gjerne sett at endå fleire var aktive, er Lund klår på.

– Kvar kjem vi til å sjå dykk om nokre år - vert de rådgjevar i eit departement eller for ein politikar?

– Tja, det er ikkje godt å seie. Eg tek ting som dei kjem. Men konturane teiknar seg nok mot noko anna enn privat næringsliv, fortel Skogan.

– Det er vel ingen som veit. Eg planlegg å gå vidare med studia mine først og fremst. Det skulle eg òg gjerne hatt høgare studiestøtte til, men det er nok litt kort tid att for dei store gjennomslaga no, seier Lund kontant.

Powered by Labrador CMS