STEL LYS: Arkitektstudent Truong Huang kan sjå fram til betre lys, slik at han slepp å stele lys frå alle naboborda for å få gjort arbeidet sitt utan slagskugge.

Lysare tider i møte

Dårleg lys og lite føremålstenleg innreiing av teiknesalen har plaga studentane ved Arkitektur- og designhøgskulen i lang tid. No skal heile skulebygget vurderast.

Publisert Sist oppdatert

På Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo (AHO) på kveldstid sit mange av studentane og arbeidar på teiknesalane. Etter klokka åtte er det mørkt ute, og vindauga vert som svarte veggar. Einaste lys som er, kjem frå hyller langs med pultane og ei arbeidslampe på kvart bord. Overlys er det ikkje på salane.

Andreårsstudent i arkitektur, Truong Hoang, sit aleine på teiknesalen bøygd over bordet sitt og skjær til modellar. Sidan det ikkje er nokon andre på salen kan han låne lampene på alle naboborda for å få skikkeleg lys. Han vrir dei til slik at alle peikar mot bordet og modellen hans.

– Om eg berre brukar arbeidslampa mi vert det feil med skuggane når eg skjær, så eg må enten gjere det slik som det her eller få gjort det på dagtid, forklarar han.

Ifølgje direktøren på skulen, Einar Fagerås, har målingar synt at arbeidslyset er for dårlig. Sidan lyssensorar ikkje er jamt fordelt utover rommet, men berre i gongen inn til teiknesalen, skrur lyset seg ofte av og Hoang må springe bort til sensoren for å få lyset på att.

– Det er ganske irriterande, sukker han.

Vert rask betring

Behovet for betre lys er så stort at Læringsmiljøutvalet på skulen har gått inn for å kjøpe tileggsbelysning. Studentutvalsleiar ved AHO, Balder Onarheim, fortel det var lite strid om prioriteringa.

– Eg er glad det vert gjort noko med dette raskt, fortel han.

Rektor Karl Otto Ellefsen, som og sit i læringsmiljøutvalet, stadfestar at lysforholda skal betrast.

– Dette er eit mindre prosjekt kor vi kjøper inn betre lysutstyr til teiknesalane, fortel han.

Det er meir enn lyset ein gjerne skulle ha retta opp på AHO, og skulen har sett ned eit husutval med medlemmer frå studentane, lærarstaben og administrative tilsette for å sjå på bruken av heile bygget. Særleg korleis teiknesalane er organisert, betre lagringsplass av materiale og utstyr, og møblering av kantina.

I eit møte på torsdag skal dei diskutere kor vidt dei vil tilrå skuleadministrasjonen eit prøveprosjekt med ombygging av ein av teiknesalane i sommar. Om det er vellukka, vil prosjektet gjennomførast på heile skulen. Det inkluderar og eit betre lysoppsett på teiknesalane.

Betre teiknesalar

Fagerås er leiar for husutvalget og seier utvalet truleg vil tilrå skuleleiinga å gå inn for prøveprosjektet.

– Vi vil gjere teiknesalane meir fleksible, og såleis meir brukarvennlige for studentar og lærarar. Om skulen finn dekning i budsjettet, er det nok noko ein truleg vil gå inn for då, fortel han.

Studentutvalsleiar Balder Onarheim håpar prøveprosjektet vert sett i gong.

– Innreiinga per i dag er ikkje optimal, men med desse oppdateringane vil det verte mykje betre. Det vert meir fellesområde med utvida plass til gjennomgong i grupper, og skikkeleg lagringsplass til materialar, seier han.

Dette er saker studentutvalet har framheva på nettsidene sine, som saker dei vil arbeide særskild for.

Løysing på veg

Attende på lesesalen sit Truong Huang bøygd over modellane sine med alle lysa vendt mot arbeidet sitt.

– Vennene mine seier at eg er nesten sjukeleg oppteken av at arbeidet mitt skal vere nøyaktig, fortel han og ler.

No treng han iallfall ikkje å stele lampene til andre eller vente på at våren skal kome for at han skal ha godt nok lys til å jobbe på teiknesalen på kvelden. Lamper er på veg.

Powered by Labrador CMS