YNSKJAR IKKJE KVOTERING: Universitetsstyrerepresentant Camilla Strandskog. Arkivfoto: Brian Olguin

Éin av to er for øyremerking

UiO anbefalar øyremerking av vitskapelege stillingar til kvinner for å betre kjønnsbalansen. Halvparten av Noregs befolkning meinar dette er eit godt tiltak.

Publisert Sist oppdatert
YNSKJAR IKKJE KVOTERING: Universitetsstyrerepresentant Camilla Strandskog. Arkivfoto: Brian Olguin
POSITIV TIL KVOTERING: Viserektor ved UiO Inga Bostad trur øyremerking er eit godt starttiltak for betre likestilling. Arkivfoto: Anne Ogundipe

Dette spurde vi om:

    Bør universitet og høgskular øyremerke ein del av dei vitskapelege stillingane til kvinner?

  • Ja, det er eit nødvendig likestillingstiltak: 49,6 prosent.
  • Nei, det er diskriminerande og bør ikkje vere tillete: 39,2 prosent.
  • Veit ikkje: 11,2 prosent.

– Øyremerking er eit tiltak som kan stimulere til at fleire kvinner vil arbeide på universitetet, seier viserektor Inga Bostad.

I ei landsdekkande undersøking opinionsbyrået Sentio har gjort på oppdrag for Universitas og Norsk Studentunion (NSU) kjem det fram at omlag 49,6 prosent av det norske folket er for at ein skal øyremerke akademiske stillingar til kvinner, medan 42 prosent er klart imot.

– Det er ein siger for kampen vår at halvparten av det norske folket er for ei slik utvikling. Undervisningsinstitusjonar har eit stort samfunnsansvar og det er viktig at dei gjenspeglar samansetnaden i samfunnet, seier Per Anders Langerød, leiar i NSU. Undersøkinga syner at skepsis til kvotering stig med lønna. Av dei som tener over 500 000 kroner er 48,1 prosent negative til øyremerking, medan berre 30,2 prosent av dei som tener mellom 200 000 og 300 000 kroner er det. Partipreferanse er og avgjerande. Blant dei som stemmer Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse er meir enn 60 prosent positive til kvotering, medan det blant Høgre-veljarane er meir enn 60 prosent som er negative.

Større handlingsrom

Fram til 2003 hadde Universitetet i Oslo (UiO) 12 professorat øyremerka for kvinner. Då kom der ein dom frå EFTA-domstolen som erklærte slik kvotering lovstridig. Dette er no delvis endra. Tidlegare i haust vart FN sin kvinnekonvensjon inkorporert i EU sitt rammedirektiv. Dette gjer at ein no truleg kan utlyse mellombels stillingar spesifikt til kvinner for å betre kjønnsbalansen blant vitskapelege tilsette. Inntil vidare er det uklart om det kan opnast for å øyremerke faste stillingar og.

Anna Vibeke Lorentzen, likestillingsrådgjevar ved UiO, har i samarbeid med likestillingsrådgjevarar ved dei andre universiteta i Noreg kome fram med ei anbefaling om å øyremerke vitskapelege stillingar til kvinner. Dette har alle universitetsrektorane slutta seg til.

Øyremerking aleine vil ikkje skape ei betre likestilling i akademia. Anna Vibeke Lorentzen, likestillingsrådgjevar ved UiO

– Men øyremerking aleine vil ikkje skape ei betre likestilling i akademia, seier Lorentzen, som meiner heile universitetsorganisasjonen må verte meir retta mot likestilling, gjennom mellom anna krav om auka kompetanse og kartlegging av kjønnsmønster i søknadsprosessar.

– Frykta kommentarar

KVOTERT FYSIKER: Førsteamanuensis på Fysisk institutt Susanne Viefers fekk ei stilling øyremerka for kvinner. -- Vi treng kvinnelege rollemodellar i fagmiljøet mitt for å få fleire kvinnelege studentar til, trur ho.

Susanna Viefers, førsteamanuensis på Fysisk institutt, var ei av dei som fekk ei øyremerka stilling før 2003. Ho var usikker før ho søkte jobben.

– Eg måtte spørje meg sjølv om eg verkeleg ville ha ei slik stilling. Ein fryktar jo kommentarar om at ein fekk jobben berre fordi ein er kvinne. Mi erfaring tilseier at det er kvinner som er mest i tvil om eiga fagleg dugleik, men eg tvilar ikkje no på at eg var tilstrekkeleg kvalifisert, seier ho.

Viefers trur øyremerking kan vere effektivt for å få inn rollemodellar i akademia, slik at kvinnelege studentar har nokon å identifisere seg med. Ho støttar likevel ikkje blind kvotering.

– Dei som får jobben må vere kvalifisert og fylle dei same krava som elles. Det er krav ein ikkje kan fire på, understrekar ho.

Statistikkpynting

Camilla Strandskog, leiar i Moderat Gruppe, stiller seg kritisk til øyremerking. Ho trur ikkje det er vegen å gå.

– Vi må slutte å sjå på kvinner som ei undertrykt gruppe. Å kvotere inn kvinner vert berre pynting på statistikken. Ein bør heller stimulere til at fleire kvinner søkjer på eige initiativ, til dømes gjennom å ha meir fleksible arbeidsdagar. Då vert det lettare å kombinere med anna ansvar, seier Strandskog.

Inga Bostad er einig i at ein ideelt sett skulle kunne sleppe øyremerking av stillingar, men fortel at sidan kjønnsbalansen er skeiv, vert det eit nødvendig tiltak.

– Vil jo at det skal skje ei endring i organisasjonen og at det skal tilretteleggast for at kvinner har lyst å jobbe på universitetet. Men for at vi skal komme dit trur eg øyremerking er eit godt tiltak, seier Bostad.

Langerød i NSU trur og øyremerking er eit viktig førstesteg.

– Det er det mest konkrete ein kan gjere, men det skal sjølvsagt kome i kombinasjon med ei rekke andre tiltak som og er nødvendige, seier han.

Kunnskapsdepartementet var ikkje tilgjengeleg for kommentar før Universitas gjekk i trykken.

Powered by Labrador CMS