Sakna lilla skjerf

Publisert Sist oppdatert

Fabian Stang

  • STUDERTE: Juss
  • NÅR: 1976-1982
  • AKTUELL MED: Ordførarkandidat for Oslo Høgre

På slutten av 70-talet var det stramt jobbmarknad for juristar. Likevel var Fabian Stang fast bestemt på å bli advokat. Trass i at han syntes pensumet var tørt og kjedeleg, var han ein ivrig lesesalslitar.

– Eg hugsar det var stort karakterpress. Og så måtte vi stå i kø for å få plass på lesesalen. I ein periode stilte eg opp kvart over sju kvar dag. Eg var stadig i konflikt med ein kar frå Nesodden om ein spesiell plass. Båten hans kom heldigvis inn litt for seint, så eg vann som oftast kappløpet.

– Korleis likte du faget ditt?

– Eg trivst svært godt som advokat, men jusstudiet var gørrkjedeleg. Det var lite oppfølging og lærarkontakt. Eg trur ikkje eingong Lånekassa merka det, om vi berre gjekk og surra.

Den rutinerte juristen fortel at han begynte å undervise i rettslære for vidaregåande-elevar, og den jobben hjelpte betrakteleg på motivasjonen.

– Eg fekk satt meg ekstra godt inn i stoffet, og det var ei fin øving i å kommunisere ut jussen.

Stang var også innom Den Konservative Studentforening (DKSF) medan han gjekk på universitetet. Han fortel at det var steile frontar i studentpolitikken, men at han likevel fekk god kontakt med den radikale fraksjonen.

– Eg såg ingen grunn til at vi skulle vera uvener sjølv om vi var usamde, seier han.

Generelt meiner Stang at dei som held til i sentrum, fekk for lite kontakt med reisten av studentmiljøet.

– Vi fokuserte for mykje på vårt eige fag, og hadde nok hatt godt av impulsar utanfrå. Vi skulle gjerne ha truffe litt fleire med lilla skjerf, for å seia det slik.

– Er det nokon episodar du hugsar spesielt godt frå studietida?

– Eg hugsar ein kjempefin tur vi hadde til Austerrike. Da sendte vi eit anonymt postkort til Lånekassa, og takka for turen. Elles fann vi ikkje på så veldig mykje sprøtt. Eg var tjueein år da eg begynte å studere, og hadde vel gjort unna dei verste rampestrekane.

– Du nakenbada ikkje, heller?

– Nei, det er ei øving eg har lært meg i vaksen alder.

Den nyvalde ordførarkandidaten har gode minne frå den sosiale biten av studietida

– Vi vart ein god kompisgjeng, som framleis held saman.

Og det vart også ein del damer på den unge sjarmøren. Til og med blant dei radikale studentaktivistane. Han meiner det var veldig nyttig å bli kjent med jenter som var ulike han sjølv, utan at han vil kommentere ytterlegare korleis desse stormfulle forholda arta seg.

– Har du nokon tips til dagens studentar?

– Studentane bør nytte eventuelle høve til å få praktiske røynsler undervegs. Det er veldig motiverande.

Stang vil også sterk tilrå å delta i samfunnet rundt, sjølv om ein er student. Og så oppmodar han studentane i Oslo til å bli kjent med byen.

– Oslomarka og kulturtilbodet er eineståande!

Powered by Labrador CMS