DEI HÅPEFULLE: Trygve Wyller (til venstre) og Ole Petter Ottersen skal knivast om å bli ny rektor ved UiO.

Rektorval skadar universitetets omdøme

Alle UiOs nøkkelmålgrupper meiner at rektorvalkampen skadar omdømet til universitetet.

Publisert Sist oppdatert
DEI HÅPEFULLE: Trygve Wyller (til venstre) og Ole Petter Ottersen skal knivast om å bli ny rektor ved UiO.
DEI HÅPEFULLE: Trygve Wyller (til venstre) og Ole Petter Ottersen skal knivast om å bli ny rektor ved UiO.

Det vart mykje skitkasting i førre rektorvalkamp. Ola Stave, generalsekretær i Universitets- og høgskolerådet.

Omdømeundersøkinga

  • Utført av Burson-Marstellers på oppdrag av UiO
  • Føremål: Å kartleggje kva sentrale, eksterne miljø meiner om UiO
  • Pris: 450000 kroner
  • Gjennomført ved semistrukturerte intervju med 31 utvalte informantar
  • Informantane delt inn i politikk/Storting, forvaltning, næringsliv, organisasjonar, sektoren, skuleverket og journalistar.
  • Rapport levert april 2008

Universitetet i Oslo kan gå ei tung tid i møte. Leiande personar i norsk akademia meiner nemleg at «rektorvalgkampene virker ødeleggende eksternt». Politikarar i universitetssektoren har sågar uttalt at «rektorkampen lammer UiO».

Kommunikasjonsbyrået Burson Marsteller har på oppdrag frå UiO gjort ei undersøking av omdømet til institusjonen, i 2008. Nøkkelmålgrupper, som politikarar, forvaltning og næringsliv blei intervjua, og til saman 31 informantar deltok. I rapporten frå undersøkinga kjem det fram at alle målgruppene peikar på dei negative sidene ved valet.

– Eige univers

Ein av politikarane som deltok i undersøkinga er tidlegare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad. Han etterlyser debatt om universitetet si samfunnsrolle.

– Kandidatane må byggje eit program som ivaretek omdømmet eksternt, ikkje berre fokusere på interne prosessar. Det blir fort slik i universitetsverda at ein trur ein er sitt eige univers, og ein står i fare for å gløyme verda rundt, seier han.

Lyngstad meiner førre rektorkamp vart eit døme på nettopp dette.

– Det vart mykje fokus på styringssystem, og eg opplevde det som eit tilbakesteg i høve til leiingsformer. Har du valte leiarar gjennom heile lina, vil rektor bli svak i høve til gjennomføringsstyrke, og da får ein fort ein gallionsfigur. Skal du ha ein øvste leiar må han ha gjennomslagsevne saman med styret sitt, hevdar den tidlegare stortingsrepresentanten.

For mykje reform

Paul Chaffey, medlem av Universitetsstyret og administrerande direktør i Abelia, er samd i at universitetet må fokusere på samfunnsrolla si.

– Skal ein ha eit godt omdøme, må ein plassere seg sentralt i samfunnsdebatten om utdanning og forsking, seier han.

Han forstår at element ved rektorkampane kan vera eigna til å skade omdømet.

– Universitetet har av og til ei form på debattane som kan verke brutal på nokon. Sist var det mykje fokus på reformer av ulike slag. Det er ikkje alltid den sida av debatten eignar seg i media, sjølv om dei som stiller som kandidatar må få diskutere det dei vil, meiner Chaffey og kritiserer også den førre valkampen for å vera uryddig.

– Den førre valkampen opplevde nok enkelte at gjekk over stokk og stein. Det var karakteristikkar av kva andre som stilte til val eigentleg meinte, ei slags mistenkeleggjering. Fløyar hevda å stå mot kvarandre, utan at det var heilt klar for omverda kva dei eigentleg var ueinige om, seier Chaffey.

Også generalsekretær i Universitets- og høgskolerådet, Ola Stave, var med i undersøkinga. Han meiner personfokuset vart for sterkt.

– Det vart mykje skitkasting i førre rektorvalkamp. Det vart mange kandidatar, for lite innhald og for mykje personfokus. Eg opplevde for lite fokus på universitet sin plass i kunnskapssamfunnet, seier han.

Positive effekter

Men meiningane er delte. Ein annan respondent for sektoren, Tom Colbjørnsen, rektor ved Handelshøyskolen BI, ser berre positivt på rektorkampen.

– Eg meiner rektorkampen er eit godt høve til å synleggjera akademia i den offentlege debatten. Ein open og god diskusjon trur eg kan vera veldig positiv. Det er ei fin mulegheit til synleggjering og tydeleggjering, meiner han.

Han har heller ikkje noko å utsetja på tidlegare rektorstrider.

– Eg hadde ikkje inntrykk av at førre valkamp verka øydeleggjande. Eg registrerte heller at det var stor interesse for universitetet si vidare utvikling, seier Colbjørnsen.

Også valforskar Anders Todal Jenssen stiller seg tvilande til omdømetap på denne måten.

– At ein rektorvalkamp kan skade UiO sitt omdøme høyres veldig merkeleg ut. Kanskje har resultatet med metodiske ting å gjera, at undersøkinga i seg sjølv inviterer til å koma med lause betraktningar om rektorvalet, spekulerer han.

Jan Glendrange, prosjektansvarleg for omdømeundersøkinga, vil av omsyn til oppdragsgjevaren korkje avkrefte eller stadfeste dette. Han kan berre opplyse om generell metodebruk.

– Det er nytta kvalitative djubdeintervju, basert på ein semistrukturert intervjuguide. Det vil seia at ingen samtaler har vore identiske, seier han.

Jenssen er også skeptisk til påstandane om fokuset på det interne har vore for stort og dermed skada omdømet.

– Det er ikkje rektor som står for den breie samfunnskontakten, og derfor var det kanskje ikkje så relevant. Det kan også vera at kandidatane var samde om defineringa av universitetet si samfunnsrolle, og derfor har diskutert ting som dei faktisk har vore usamde om. Slik sett har det vore ein rasjonell valkamp tidlegare, meiner han.

Ingen tiltak

Seniorrådgjevar i informasjonsavdelinga ved UiO, Helge Kjøllesdal, fortel at det ikkje er sett i verk spesielle tiltak for å verne omdømet til UiO i rektorvalkampen.

– Korleis valkampen skal føregå blir opp til kandidatane, seier han.

Han trur dei som har kritisert UiO sitt omdøme, kan ha skjulte motiv.

– Dei som har reagert er sannsynlegvis dei som ønskjer at rektor skal tilsetjast, særleg næringslivsfolk. Ein kvar valkamp vil i nokon grad ha ein temperatur, og det ser eg ikkje på som nokon skandale, seier Kjøllesdal som helsar ein frisk debatt velkomen.

– Kandidatane må gjerne diskutere kvarandre sine standpunkt. Det er ein vanleg måte å opptre på i eit samfunn der kritiske ytringar blir verdsett. Dette er ein annan kultur enn i næringslivet der det er sterk top-down styring, meiner Kjøllesdal.

- Men blir du ikkje uroa når det kjem fram i rapporten at alle målgruppene har uttrykt at rektorvalkampen verkar øydeleggjande eksternt?

– Eg trur verdien av ein fri debatt om rektorvervet er viktigare enn eventuelle uroingar om omdømmet i bestemte krinsar, avsluttar Kjøllesdal.

Powered by Labrador CMS