Stå på krava: Goran Scekic i Yrkesorganisasjonens Sentralforbund understrekar viktigheita av skriftleg kontrakt når du tek ein sommarjobb.

Slik forhandlar du om løn til sommarjobben

Mange er klare for å verte ferdig med eksamen og tene pengar i sommar. Samstundes kan du ha krav på meir pengar enn du trur.

Publisert

Sommaren er i anmarsj, og med det vil fleire og fleire studentar gå ut av lesesalane og inn i årets sommarjobb. Men kva rettar har du eigentleg når det kjem til lønn og andre arbeidsforhold? Her er nokre tips til kva tankar ein bør ha i bakhovudet.

1. Ingen minsteløn

I Noreg har me ikkje ei fast minsteløn som gjeld på tvers av yrker, med unntak av i ni bransjar. Fleire av desse, slik som servering, bygg og gartnararbeid, er typiske sommarjobbar for mange. 

Det er òg fastsett ulike tariffavtalar og timelønnsatsar som bestemmer kva den gjennomsnittlege timeløna skal vere for ulike yrker og for ulike aldersgrupper. 

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) har laga ein oversikt over kva tal som gjaldt i fjor for løna til vanlege sommarjobbar. Som ein kan lese, hadde ein arbeidstakar på over 18 år i 2023 krav på minst 152.34 kroner i timeløn. Likevel har dei fleste yrker i realiteten ei høgare løn enn dette, til dømes på grunn av ansiennitetsberekning eller andre tillegg.

Sjølv om ein berre er tilsett i ei midlertidig stilling kan det vere lurt å verte medlem i ei fagforeining

Goran Scekic, Yrkesorganisasjonens Sentralforbund

2. Ikkje vent med forhandlinga

At det finst tariffavtalar og allmenngjort minsteløn betyr likevel ikkje at det ikkje går an å forhandle seg til høgare løn hjå arbeidsgivar. Men ein må ikkje vente for lenge.

– Dette er noko ein må ta opp før ein skriv kontrakt, seier Rikke Bergseth som er nestleiar i Norsk Tjenestemannslag (NTL) Ung. 

Bergset forklarar at i bransjar med allmenn minstelønn kan ein vise til ansiennitet som moglegheit til å forhandle. Dette gjeld til dømes om ein skal arbeide med servering, og er noko ein normalt sett tek opp i intervju. Då vil dette eventuelt reflekterast i lønna som står oppført i arbeidskontrakta. I tillegg er ein sikra gjennom den forhandla minstelønna i desse bransjane at ein i utgangspunktet får det ein har krav på. 

– På arbeidsplassane med tariffavtalar har forhandlingar i utgangspunktet sikra deg lønna du har rett på. Dette gjer det vanskeleg å forhandle om høgare lønn, fordi ho allereie speglar lønnsutviklinga som har skjedd over tid, seier Bergseth. 

3. Sjekk kontrakta di

– Ein av dei viktigaste tinga ein må gjere når ein får sommarjobb er å få ei skriftleg arbeidskontrakt som ein skriv under på, fortel Bergseth.

Dette framhevar òg Goran Scekic. Han arbeider i Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) og fortel at nokre bedrifter trur at det ikkje er naudsynt å lage kontrakt dersom ein er tilsett i kortare arbeidsforhold, til dømes i sommarjobb eller i ei deltidsstilling. Derimot står det i arbeidsmiljølova at dette skal gjerast.

Han seier at kontrakta bør vere så detaljert som mogleg. Som minimum må ho i alle fall inkludere informasjon om kva lønn ein skal få, arbeidstid og kva avtale ein har i forhold til overtidsbetaling og helgetillegg. 

4. Opplæring på ny arbeidsplass

Det viktigaste du må gjere er å få skriftleg arbeidskontrakt som du skriv under på

Goran Scekic, Yrkesorganisasjonens Sentralforbund.

Bergseth poengterer òg at ein som tilsett har krav på å få opplæring i dei oppgåvene ein skal gjere. Dette skal skje uansett om ein er fast tilsett eller kun arbeider på sommaren. Under opplæringa har du òg krav på lønn.

5. Organiser deg

– Sjølv om ein berre er tilsett i ei midlertidig stilling kan det vere lurt å verte medlem i ei fagforeining, seier Scekic. 

Han framhevar at studentar ofte har moglegheit til å få gratis medlemskap, og noko som då gjer ei ekstra tryggleik om ein har spørsmål kring rettane sine og tilsettinga si.

6. Dersom noko ikkje stemmer

Om ein oppdagar at noko ikkje ser ut til å stemme, anten det gjeld lønn, arbeidsforhold eller informasjon i arbeidskontrakt, er det fleire ein kan ta kontakt med. Til dømes kan ein gå til både Arbeidstilsynet eller LO si sommarpatrulje. Sistnemnde er LO si omreisande patrulje som reiser rundt i Noreg for å informere unge om arbeidsrettane deira og hjelpe ved utfordringar i sommarjobben. Dette kan ein gjere sjølv om ein ikkje er medlem i ei fagforeining.

– Arbeidsplassar som er tariffbundne har òg krav til at ein har tillitsvalde. Desse kan ein òg snakke med om ein opplever at noko ikkje stemmer, seier Bergseth. 

Powered by Labrador CMS