UROA: Hovudstyreleiar i Studentsamskipnaden i Oslo, Fredrik Refsnes, talte på Velferdstingets handlingsplansseminar i helga. Han fryktar at auka prisar kan føre til at studentsamskipnadens tenester ikkje kan halde dagens nivå dersom semesteravgifta ikkje aukast. FOTO: Anna Werenskjold

Semesteravgifta kan auke

Semesteravgifta har heldt det same nivået sidan 2002. – Det tærer på velferdstilbodet til studentane, meiner Fredrik Refsnes, hovedstyreleiar i SiO.

Publisert Sist oppdatert

*Pengar til SiO:*

  • Kvart semester betaler studentar tilknytt Studentsamskipnaden i Oslo ei avgift til samskipnaden.
  • Semesteravgifta auka med 20 kroner mellom 2000 og 2000, men har sidan det vore fryst på 410 kroner.
  • SiO fryktar at velferdstilbodet vil verte dårlegare dersom ein ikkje får ei auke av semesteravgifta.
  • Velferdstinget har no bedt SiO om å utrede kor mykje ei auke vil ha å seie for velferdstilbodet til studentane.

– Semesteravgifta har ikkje vorte heva sidan i 2002. Samtidig har marknadsprisen auka, så det er på tide med ei utreiing, seier Mari Berdal Djupvik, leiar i Velferdstinget (VT).

Velferdstinget har no bedt Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) om å finne ut kor mykje ei auke av semesteravgifta vil ha å seie for studentane sitt velferdstilbod. Semesteravgifta er per dags dato på 410 kroner, og det har ikkje vore noko endring sidan den vart auka med 10 kroner ved inngangen til 2002.

– Kor mykje vil ei eventuell auke verte på?

– Det er alt for tidleg å seie noko om, det er det vi skal utrede. Men det kan bli ei auke på om lag 30 kroner i halvåret.

Studenthelsetenesten slit

Studenthelsetenesten til SiO, som er mottakar av 37 prosent av dei pengane som SiO forvaltar, har lenge slitt med å oppretthalde eit godt nok tilbod til studentane. 1. januar i år vart det innført eit refusjonssystem på helsetenester for å betre økonomien. Solveig Tesdal frå Venstrealliansen meiner ein bør vere restriktive til ei auke av semesteravgifta, men at det er på sin plass med ei utredning.

– Det er eit mål å halde semesteravgifta på eit lavt nivå. Det er uholdbart om semesteravgifta stadig må aukast, kun for å halde nivået på dagens studenthelseteneste. Og ei innføring av eigenandelar er uaktuelt.

– Semesteravgifta har hatt ein realnedgang sidan 2002, og då går det på bekostning av velferdstilbodet til studentane, seier Tesdal.

Brukarane bør betale

Studentfraksjonen Blå liste er fullstendig ueinig i ei eventuell auke av semesteravgifta.

– Ein har nok å bruke pengar på om ikkje ein skal betale endå meir til SiO. Med alle pensumbøker og alt ein skal bruke pengar på ved utbetalinga av studielånet, så kan ikkje semesteravgifta vere den største utgifta, seier Marius Malmer, representant frå Blå liste i Velferdstinget.

Malmer seier at 132 kroner i egenandel ikkje er så mykje å betale per pers, og det vert eit eingangsbeløp i året. Han påpekar også at dette tilbodet er mykje billigare enn det kommunen tilbyr.

– Dersom ein skal auke semesteravgifta, veit ein ikkje kvar det kjem til å ende. Det er ikkje alle som benyttar seg av tenestene til SiO, så da syns eg dei som brukar dei bør betale, seier Malmer.

Vil oppretthalde tilbodet

Fredrik Refsnes meiner at det er naudsynt å finne ut korleis ein kan oppretthalde SiOs velferdstilbod.

– Det vert høgare og høgare kostnadar for å drive velferdstilbod når prisveksten i samfunnet elles aukar. Studenthelsetenesten, Karrieresenteret og Studentliv er eksempel på tenester som finansierast av semesteravgifta. Vi forsøker å finne ut kva som er eit minimum for å halde tilbodet på det nivået det er i dag.

Refsnes meiner studentane kjem til å få mykje igjen dersom studentavgifta aukar.

– Semesteravgifta er jo til nettopp for å gi eit godt velferdstilbod til studentane.

Saken er no til utreiing i SiOs administrasjon, og først når denne utreiinga er ferdig vil ein finne ut konkret kva som vil verte gjort. Refsnes understrekar også at problemstillinga om semesteravgifta vil kome opp i forhandlingane om den planlagde samanslåinga med Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad (OAS) til neste år.

Powered by Labrador CMS