Anarki og 67-arar
KVEN: Thomas Hylland Eriksen STUDERTE: Sosiologi, filosofi og sosialantropologi NÅR:1981-87 AKTUELL MED: Forskningsleiar på CULCOM, UiO.
– Eg likte meg frå dag ein. Allereie da følte eg at eg hadde kome heim, seier Thomas Hylland Eriksen.
Professoren i sosialantropologi fortel om ei aktiv studenttid, der langt meir enn det som stod i bøkene opptok tida.
– Folk dreiv med mange rare ting. Eg var med i Grønt Gras. Vi hadde eit ønskje om miljøansvarleg studentpolitikk, og samla alt frå senterungdomen til anarkistar. Vi stod mot ml-arane, auf-arane og Den Konservative Studentforening. Grønt Gras gjorde det bra, og hadde hovudstyret i studentsamskipnaden. Men så kom det ei skandale i 1983 som gjorde at det heile fall saman. Saka dreidde seg om noko så konkret som lønsnivået blant leiarane i samskipnaden.
I desse åra kom jappetida, noko Hylland Eriksen merka lett, ikkje minst i universitetsmiljøet.
– Eg var på feltarbeid i 1986. Da eg kom tilbake var alle dei alternative gruppene på Blindern borte, seier han.
Han siktar til det han kallar 67-arane, som ikkje må forvekslast med 68-arane. Han identifiserer 67-arane lett.
– Det var gjerne hippieaktige typar, folk som gjekk med Sigrun Berg-sjerf, og slike grøne folk som ville starte kollektiv på Nesodden og dyrke gulrøter. Science fiction-fansen høyrer også med, sidan dei hadde ein alternativ litteratur og definerte seg som underground, seier antropologen.
Hylland Eriksen var i mesteparten av studietida redaksjonsmedlem i den anarkistiske månedsavisa Gateavisa. Der kjende han at han høyrde til.
– Det handla om verdiar eg alltid har hatt, ein kombinasjon av individuell fridom og sosial rettferd. Alt frå hasjrøykande småbrukerar til intellektuelle barrikadestormarar og science fiction-folket tilhøyrde krinsen rundt Gateavisa, minnest han.
Han meiner det ikkje var så strengt med studieprogresjonen.
– Studentane hadde god tid den gongen. Vi kunne surre rundt på biblioteket heile semester. Lånekassa hadde sanksjonar, men det var meir liberalt enn no.
Festar i Etnografisk forening er også vanskelege å gløyme. Desse føregjekk i lokala til fotballklubben Frigg, og vekkjer minner om eit heilt anna universitetsmiljø.
– Det var litt av nokon festar. Dei fullaste var alltid lærarane. Nokre av dei tilsette var gjengangarar der, seier han.
– Var det vanleg at de festa saman med professorane?
– Ja, det opplevdes som heilt naturleg. Det var ei anna tid, og lærarane hadde også betre tid. Ein hadde ei sterk familiekjensle. Den forsvann nok tidleg på 90-talet fordi det vart så frykteleg mange studentar.
Hylland Eriksen rådar studentar i dag til å leite etter heilskapsperspektiv. Han meiner alle bør nytte minst ein dag kvart semesteret til å prøve å sjå det dei driv med i ein større samanheng.
– Kva er det viktigaste du sjølv lærte som student?
– Hm, det er vanskeleg å seia.
– Men du kjende deg vel smartare etter tida på Blindern?
– Nei, eg kjende meg litt dummare. Så lærte eg nok å ha respekt for kunnskap.