PUTIN-HYLLEST: Trygt plassert bak hordar av politfolk veivar den Putin-venlege ungdomsorganisasjonen Nashi med både den russiske tricoloren og flagg med bilete av Putin framfor Kreml.

Makt og motstand i Moskva

Russarane har på ny vald Vladimir Putin til president. Demokratisering ser ikkje ut til å vera deira førsteprioritet.

Protest: «Endå 12 år? Nei takk», står det på lappen med bilete av Vladimir Putin, som annonserer eit møte i regi av opposisjonsorganisasjonen Drugaja Rossiya (Det andre Russland) dagen etter presidentvalet.
På vakt: Stort politioppbod i Moskva dagen etter valet for å halda kontroll på demonstrasjonane som pågår. Foto: Kaia Tetlie
På vakt: Stort politioppbod i Moskva dagen etter valet for å halda kontroll på demonstrasjonane som pågår.
Ærlege val: Ein ung mann deler ut kvite band som symboliserer kravet om “tjestnye vibory” - ærlege val under opposisjonen sin demonstrasjon dagen etter valet. Då banda først vart tekne i bruk kommenterte Putin at det såg ut som om demonstrantane hadde teke på seg kondomar. Foto: Kaia Tetlie

Fredag 2. mars. I innboksen ligg det svar frå ein russisk professor i statsvitskap. Eg har spurd han om eit intervju. «Beklagar, kan ikkje gjera det i neste veke. Me må gjera historia heller enn å snakka om henne, sjølv om utfallet vert trist.»

Laurdag 3. mars. I ei leilegheit i Moskva er det fest. Vodka og russisk champagne på bordet. Ein av gjestane studerer politikk, og eg må spørja henne. Kva meiner du om det som har hend i det siste? Skal du røysta i morgon?

Presidentvalet er neste dag. I desember i fjor braut det ut større protestar enn på lenge i Russland. Årsaka var det openbare fusket ved valet til den lovgjevande forsamlinga, Dumaen. Det var slik Forente Russland, det størte partiet, sikra seg fortsatt reint fleirtal. Eit resignert folk utan erfaring med reelt demokrati vakna til liv og byrja stilla krav om politisk fridom. Vil det ha nokon effekt?

Alle veit at Forente Russland sin kandidat, Vladimir Putin, kjem til å vinna valet. Han sat med makta frå 2000 til 2008, men måtte ta ein pause sidan grunnlova ikkje tillet ein president å sitja i meir enn to periodar etter kvarandre. No er Putin på veg attende. Presidentperioden er forlenga frå fire til seks år, og vinnaren av dette valet, altså Putin, kan potensielt halda på makta heilt til 2024. Spenninga ligg i kor overlegen sigeren vert, og om valet kjem til å gå nokolunde ryddig føre seg.

Jenta på festen skal røysta. På Putin. Verkeleg? Norske medium har gjeve inntrykk av at «alle» studentar og medlemmar av middelklassen er opposisjonelle no. Avisene har pøst på med reportasjar om eit folk i harnisk. Kanskje er det duka for russisk vår, etter oppskrift frå arabarstatane? Jenta forklårar at Russland treng stabilitet. Dessutan finst det ingen gode alternativ til Putin. Dei fire andre kandidatane er anten uerfarne eller ubrukelege. Kva med dei som ikkje fekk lov til å stilla, då? undrar eg. Det er sjølvsagt eit problem, men dei var ikkje særleg populære uansett. Den mest framtredande av dei, Grigorij Javlinskij, er det berre hipsterane i Moskva som likar, forklårar jenta. Me får sjå om seks år, seier ho. Veninna hennar er meir kritisk. Store delar av det russiske folket vert førte bak lyset, meiner ho. Men røysta skal ho ikkje, som så mange andre. Er opposisjonen kanskje ikkje så stor og sterk som me har vorte fortalde?

Sundag 4. mars. Det er ettermiddag og stilt i gatene, men tydeleg at noko skal skje. 36.500 politifolk er på jobb i Moskva, med batongar i beltet og strenge blikk. Hjelmar og skotsikre vestar. Vegsperringar og lange rekkjer av militære køyrety. Frå eit restaurantbord i sentrum er det god utsikt til det som hender. Er du journalist? spør servitøren. Det har vore mange journalistar her i dag. Nei, eg er student, berre interessert i politikk. Halve sanninga får halda. Vert det oppdaga at eg, utan journalistvisum, planlegg å skriva om det eg opplever kan eg få problem. Fleire har vorte kasta ut av landet på det grunnlaget den siste tida.

Når kvelden kjem, samlar folk seg framføre ei scene i sentrum. Putin-tilhengjarar. Førti minutt før vallokala stengjer har dei allereie teke fram plakatar med påskrifta «Mi pobedili!» – me vann. Folk har noko utilnærmeleg over seg. Er det sant at han kjem til å koma hit? Ingen veit. Ein halvtime seinare står Putin på scena og konstaterer at sigeren er sikra. Han vann komfortabelt denne gongen òg, avstanden ned til andreplass var på drøye førti prosentpoeng.

Måndag 5. mars. Det er dagen for demonstrasjonar. Den Putin-venlege ungdomsorganisasjonen Nashi, som i eigedomspronomenet «våre», feirar sigeren utanfor Kreml, Moskvas gamle maktsenter. På Pusjkin-plassen eit metrostopp unna er opposisjonen samla. Eit politihelikopter heng i lufta.

Ein journalist spør kvifor eg er her og kva eg trur om situasjonen. Eg stiller han dei same spørsmåla tilbake. Han er irritert på valfusket. Ingen likar å bli lurt. Likevel er Putin den beste kandidaten for han, som er både ortodoks og homofiendtleg. Russland er ein sterkare stat enn på lenge, og det skremmer resten av verda. Det er difor opposisjonen får så sterk stønad utanfrå, argumenterer journalisten. Dessutan meiner han Russland treng ein sterk leiar, og seier situasjonen i landet har vorte mykje betre enn han var både i Sovjettida og under Boris Jeltsin på nittitalet.

Det siste har han udiskutabelt rett i. Putin har styrt Russland i stadig meir autoritær retning, men under han har også den russiske økonomien vakse og folk har materielt sett fått det betre. Kanskje det er viktigare enn kravet om full politisk fridom for eit fattig folk. Klagane om uregelmessigheiter strøymde inn frå heile landet ved dette valet òg, og det er opplagt at fleire enn tidlegare engasjerer seg. Men bare eit fåtal tek til gatene. Lat oss innsjå det: Fleirtalet av dei som gadd å nytta røysteretten føretrekk faktisk Putin, valfusk eller ikkje. Kanskje me må innsjå at ikkje alle deler våre vestlege ideal.

Nokre timar seinare er Pusjkin-plassen tom. Vegsperringar og køyrety er vekk, demonstrantane har fordufta. Alt som ligg att er litt boss i gatene. Nede på metrostasjonen står ein gjeng politifolk. Ikkje lenger oppstilte på rekkje og rad, men i ei klynge og pratar med kvarandre. Dei strenge blikka har dei lagt ifrå seg. Ein får kjensla av å ha vore vitne til eit slags show. No er det over og alle har gått heim.

I St. Petersburg veka etter valet går livet sin vande gong. Ei jente fortel meg at ho og dei fleste venene hennar røysta på Mikhail Prokhorov, Russlands tredje rikaste mann. Ikkje fordi dei faktisk ynskjer han som president, men for å visa Putin at dei ikkje er nøgde. Samstundes som me har samtalen vår på eit varmt kjøkken pågår ein demonstrasjon ikkje langt unna. Jenta er misnøgd, men ho er ikkje der ute. Det er det få som er, oppmøtet er dårleg. Det same viser seg i nye demonstrasjonar både i St. Petersburg og Moskva.

Kvar går vegen vidare for Russland? Det er fire lange år til neste Duma-val, og seks til det på ny skal veljast president. Tid til å byggja opp ein slagkraftig opposisjon, eller tid til å gløyma og gli tilbake til passiviteten. Å byggja eit demokrati er ikkje gjort over natta, det krevjar varig vilje og pågangsmot. Når engasjementet allereie no er dalande er det liten grunn til å tru at nokon russisk vår er nært føreståande.

Powered by Labrador CMS