Seks månader utan svar
Søkar du jobb på Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo (UiO), kan du risikera å vente i eit halvt år utan å høyre eit ord. – Respektlaust, meiner Forskarforbundet.
For seks månadar sidan søkte Alexander Åstrand på ei open stipendiatutlysing frå Kjemisk institutt ved UiO. To veker etter søknadsfristen den 11.februar fekk han stadfesta at søknaden var mottatt, og fekk ein e-post med ni registrerte kvalifiserte søkarar. Etter det vart det stille.
– Eg hadde forventa at søknadsprosessen hadde vore ryddigare og meir oversikteleg. Det vart ikkje opplyst om kor lang behandlingstid det kom til å vere, men eg hadde trudd at eg kom til å få svar, eller i alle fall høyre noko som helst, seier Åstrand, som er sivilingeniør i industriell kjemi og bioteknologi frå NTNU.
– Ein liten glipp
I april starta Åstrand å sende fleire e-postar til konsulent Erlend Hove Lillebø der han bad om ei statusoppdatering på søknaden. Utan å få svar.
– Dersom eg ikkje har svart, så har det vore ein liten glipp. Vi har vore under sterkt press i vår og sommar, der vi blant anna har flytta kontor, seier Erlend Hove Lillebø, tilsett som konsulent ved Matematisk-naturvitskapleg fakultet.
Då det var tre stillingar ved Kjemisk institutt som vart lyst ut på same tid meiner kontorsjef ved instituttet, Astrid Waaler Kaas, at ein treng lengre tid enn vanleg på å behandle søknadane.
– Søkarane har ikkje mottatt noko informasjon, og det er respektlaust overfor søkarane. At det er fleire søkarar på ein gong er ikkje noko argument. Det er ingenting som tilsei at det skal ta så lang tid å behandle søknadar om tilsetting av stipendiatar, seier Bjørn Berg, avdelingssjef i Forskarforbundet.
Enda ikkje ferdigbehandla
Waaler Kaas ved Kjemisk institutt ser faren for at ein kan misse gode kandidatar på grunn av lang behandlingstid, og det med rette. Åstrand har nemleg takka ja til ei stipendiatstilling ved Farmasøytisk institutt i fråver av informasjon frå Kjemisk institutt, på trass av at det var den sistnemnte stillinga han hovudsakleg var interessert i.
– Det vil vere kjedelig for UiO sitt omdømme dersom det skjer fleire liknande tilfelle. At det har vore sommarferie er inga unnskylding for at ein har stått seks månader utan informasjon, meiner Åstrand.
– Det er ikkje vårt ønske at det tek lang tid, og det er noko vi kan verte betre på. Men dersom søkarar er veldig interessert, så brukar dei ofte ta kontakt med meg, seier Waaler Kaas, som kan opplyse om at saka enda ikkje er ferdigbehandla.
– Behandlinga av søknadane er ferdig om ei vekes tid, lovar Waaler Kaas.